Nynorske lesegledarar

Lesegledar

Kva er ein lesegledar?

Ein lesegledar er ein bokelskar som gjerne vil gi andre gode leseopplevingar. Oppdraget for ein lesegledar ligg i namnet: Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge ved å opne bøker for dei, slik at dei unge sjølv kan finne ei bok som passar. Dei har eit spesielt godt overblikk over ny nynorsk litteratur.

Lesegledarane byr på ny nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Dei har oversikt over svært mange bøker, både dei som er artige, kloke, medrivande og koselege. Nokre er spesielt glade i biletbøker, medan andre gjerne vil lese spenningsbøker.

Vil du ha besøk av ein lesegledar?

Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til foreldremøte eller lærarmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å møte bøker ein ikkje kjenner til frå før. Dei spesialiserer seg på aldersgrupper. Førebels finst det lesegledarar i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland.