Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Opplegg og lærarressursar

Bruk av nynorske teikneseriar kan vera ein motiverande og spanande innfallsvinkel til norskundervisninga. Ein teikneserie er ein samansett tekst. Læreplanen legg opp til at elevane skal lesa, utforska og laga samansette tekstar.

Artiklar

Opplegg

Teikneserierelaterte undervisingsopplegg for barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

IsfiskeFrå vits til teikneserie
(1.–7. trinn)
Opplegg der elevane lagar ein teikneserie med utgangspunkt i ein vits.

 

DraumenDraumen
(1.–7. trinn)
Opplegg der elevane lagar ein teikneserie om nokon som drøymer om å verta noko anna.

 

Katten og kråkaBok på 1-2-3: Katten og kråka
(4.–7. trinn)
Opplegg som nyttar eit utdrag frå teikneserien Katten og kråka som utgangspunkt for å arbeida med sjanger og å arbeida med perspektiv og utsnitt.

 

Språksamtalar om bobleneSpråksamtalar om boblene
(5.–7. trinn)
Opplegg der læraren nyttar ein teikneserie som utgangspunkt for ein språksamtale i klasserommet.

 

Frå dikt til teikneserieFrå dikt til teikneserie
(5.–7. trinn)
Opplegg der elevane får i oppgåve å laga ein teikneserie ut frå eit nynorsk dikt.

 

Tekst i boblerTekst i bobler
(5.–7. trinn)
Opplegg der elevane får ulike teikneseriar der teksten i originalboblene er retusjert bort. Oppgåva til elevane er å laga ei meiningsfull forteljing ved å skriva inn ny tekst på nynorsk.

 

Freden – visuelle verkemiddelFreden – visuelle verkemiddel
(ungdomssteget og vgs.)
Opplegg der elevane nyttar teikneserien Freden til å arbeida med biletanalyse.

 

Frå boble til bokstavFrå boble til bokstav
(ungdomssteget og vgs.)
Opplegg der elevane skal nytta ein teikneserie som utgangspunkt for ei forteljing eller ei novelle.

 

Frå skrift til teikneserieFrå skrift til teikneserie
(ungdomssteget og vgs.)
Opplegg der elevane lagar teikneseriar med utgangspunkt i kortprosa, dikt eller andre korte tekstar.

 

Teikneserie møter diktTeikneserie møter dikt
(vgs.)
Opplegg der elevane samanliknar teikneseriemediet med andre medium, for slik å læra meir om likskapar og ulikskapar mellom media.

Tomme snakkebobler

Last ned Smørbukk med tomme snakkebobler (PDF)

Last ned Pepar & Gulrot med tomme snakkebobler (PDF)

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.