Nynorske bloggar
Her er nokre døme på bloggar på nynorsk.
https://kvardagsmat.no/ – Ein populær matblogg av Anita Stokke Blomvik, med enkle oppskrifter på mat laga frå botnen. I 2016 fekk ho Noregs Mållags nynorskstipend.
https://totlanders.wordpress.com/ – Blogg av Anders Totland, «forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave». Her kan du lese om Totland sitt yrke som forfattar og meir personlege tekstar om heim og familie.
http://www.branndagboka.no/ – Atle Berge dokumenterer livet som supporter av sportsklubben Brann.
https://gronarekvardag.no/ – Ein Zero Waste-blogg av Kristine Ullaland som ynskjer å gjere folk meir bevisste på korleis konsumvarene våre påverkar omgjevnadane våre. Ullaland har motteke Noregs Mållag sitt nynorskstipend for bloggen.
https://altgodt.no/ – Ein blogg «om alt det gode i livet». Gunda Djupvik skriv om livet generelt, men med ei hovudtyngd på mat og oppskrifter.
http://hjartesmil.com/ – Mariell skriv om kvardagslivet, reiser, mat og meir. Mariell er skribent, fotograf og webdesignar.
http://www.sfj.no/kulturblogg.361710.nn.html – Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt. Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som driftar bloggen som inneheld bidrag frå ulike gjestebloggarar.
http://susmumrik.com/ – Susanne Egset beskriv seg sjølv som «reiseglad og engasjert feminist, språknerd, sopran og medieentusiast» og skriv tekstar som krinsar rundt desse temaa på bloggen.
https://fjell-luft.blogspot.no/ – I denne bloggen gir Liv Janne tips om små og store turar primært i Sunnfjord.
https://dailystory.no/author/tonedamli/ – Nettmagasinet Dailystory innheld bidrag frå ulike aktørar. I bloggen «Tone Damli» skriv Damli personlege tekstar om livet, hovudsakleg på nynorsk, med innslag av dialekt og bokmål.
https://blogg.forskning.no/oystein-a-vangsnes-blogg – Øystein A. Vangsnes er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han bloggar mykje om språk og språklæring.
http://knutsvblogg.blogspot.no/ – Knut S. Vikør omtalar bloggen sin som ein personleg blogg med meiningar om Midtausten og tilstøytande tema. Innlegga er relativt lange og med fagleg tyngde.