Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Draumen

Av Arild Torvund Olsen

Mange drøymer om å verta noko anna enn det dei er. Lag ein teikneserie om ein person, eit dyr eller ein fantasiskapning som drøymer om noko. Det kan vera ein brannmann som drøymer om å dansa ballett, ein dinosaur som drøymer om å selja iskrem, ei mus som heller vil eta sushi enn å eta ost, eller noko heilt anna. Berre fantasien set grenser. Teikneserien skal vera på éi side, med fire ruter.

Før elevane byrjar å teikna serien sin, må dei ha tenkt ut

Bruk gjerne ei form der hovudpersonen fyrst seier kven han er, deretter kva han drøymer om, og til slutt kvifor. Til dømes slik:

Rute 1: Eg er den tøffaste dinosauren som finst.
Rute 2: Men det eg verkeleg drøymer om ...
Rute 3: ... er å selja is.
Rute 4: For då kan eg kalla isen for Tyrannosauris.

Før de byrjar arbeidet, kan klassen gjerne sjå på teikneserien «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» i lag. Der kan de i hovudsak sjå på det som handlar om utsnitt (nærbilete osb.).

Det kan vera lurt å skissa svakt med blyant fyrst og deretter teikna over med tusj. Då vert ofte resultatet finare. Det er òg lurt å skriva inn replikkane før du teiknar resten, slik at du veit at det vert plass til heile replikken i ruta.

Døme på elevteikneseriar

«Sirkusdraum» er teikna av Liv (2. klasse)

«Mordar» er teikna av Mari (7. klasse). Ho har laga teksten i boblene og overskrifta digitalt.

Mal

Mal for teikneserieSkriv ut denne malen i A4- eller A3-format til elevane. Beine ruter gjer at den ferdige teikneserien ser mykje proffare ut.

 

Kva du kan gjere ...

Kva du kan gjereI «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» lærer Øystein Runde deg om utsnitt, bruk av perspektiv og andre nyttige emne.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.