Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Lær å laga teikneseriar

Lær om idéutvikling, samandrag, aksebrot, fugleperspektiv, bruk av nærbilete og anna du har bruk for når du skal laga eller analysera teikneseriar.

TommelfingerreglarLær å teikna teikneseriar

Øystein Runde, Tiberius Tommelfinger og ein søt kanin lærer deg om verkemiddel og teikning av seriar ved hjelp av tommelfingerreglar.

Start med ein einsidarStart med ein einsidar

I teksten «Det fyrste rådet mitt» skriv serieskaparen Tore Strand Olsen om kvifor du bør starta med å laga ein einsidar – og gjera han heilt ferdig.

Ein teikneserie blir føddLær å skriva teikneseriemanus

I «Ein teikneserie blir fødd» skriv Olaf Moriarty Solstrand (manusforfattar for Donald Duck) om korleis du kan arbeida med manus for å laga gode teikneseriar. Du får òg sjå ei side frå eit Donald-manus og Donald-teiknaren Arild Midthun si tolking av den sida.

Kva du kan gjere

Kva du kan gjere ...

I «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» lærer Øystein Runde deg om aksebrot, bruk av perspektiv og andre nyttige emne.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.