Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Frå vits til teikneserie

Av Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Skriv ut teikneserien Isfiske til elevane, eller vis han på smarttavle.

Kva du kan gjereTeikneserien Isfiske er laga ut frå ein av vitsane i boka Barnas eigne vitsar. Kortfatta tekstar med tydelege poeng er gode utgangspunkt om de vil lage eigne teikneseriar, animasjonsfilmar, sketsjar (som kan filmast) eller andre kreative uttrykksformer.

Før de byrjar arbeidet, kan klassen gjerne sjå på teikneserien «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» i lag. Dersom du skal gjennomføre opplegget på 1.–4. trinn, kan de sjå på det som handlar om utsnitt (nærbilete osb.). For litt eldre elevar kan de gjerne ha med det som handlar om ulike perspektiv i tillegg.

Slik kan det gjerast:

  1. Vel ein artig vits frå Barnas eigne vitsar eller Norsk Barneblad.
  2. Skriv ned teksten som replikkar.
  3. Del inn eit ark i så mange ruter som du har scener i vitsen. Bruk gjerne rutemalar du finn i teksten Det fyrste rådet mitt.
  4. Teikn og skriv inn replikkane i snakkebobler.
  5. Fargelegg og heng opp.

Isfiske

Gå til serien IsfiskeTeikneserien Isfiske er laga med utgangspunkt i ein vits.

 

Kva du kan gjere ...

Kva du kan gjereI «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» lærer Øystein Runde deg om utsnitt, bruk av perspektiv og andre nyttige emne.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.