Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Kva er ein teikneserie?

Av Arild Torvund Olsen

Det finst teikneseriar av mange slag. Nokre er stutte, andre er på mange hundre sider. Nokre er dialogdrivne, andre er heilt utan skrift. Nokre er laga for born, andre høver berre for vaksne lesarar. Finst det, i denne store variasjonen, noko sams – noko som er særmerkt for og kan definera teikneseriemediet?

Sekvensiell kunst

I verket Understanding Comics definerer Scott McCloud teikneseriar som «sekventiel kunst» eller «sidestillede billedlige og andre udtryk i planlagte sekvenser, anvendt til at viderebringe informationer og/eller give læseren en æstetisk oplevelse» (McCloud, s. 9, sitert frå den danske utgåva). Definisjonen til McCloud vektlegg at teikneseriar er sekvensielle. Det definisjonen ikkje gjer, er å avgrensa teikneseriemediet til spesifikke sjangrar, tema, teiknestilar, forteljemåtar eller liknande. Dersom ein samanliknar ein serie som Ivar Aasen – ei historie om kjærleik (Erna Osland og Arild Midthun) med ein serie som Minst (Øystein Ottesen), ser ein tydeleg den store breidda innanfor teikneseriemediet. Den eine er ein historisk teikneserieroman med naturtru teikningar i svart, kvitt og brunt, den andre serien er ein humoristisk stripeserie med ein enkel strek og klåre fargeflater. Det dei har sams, er at dei fortel noko gjennom sekvensar av bilete.

Teikneseriar og film

Det vert ofte nemnt at teikneseriar har mykje sams med filmmediet, til dømes i bruken av «kameravinklar» (sjå Kva du kan gjere med ein teikneserie …) og måten ein set saman ulike scener til ei samanhangande forteljing. Men det finst òg store skilnader. Hans Lund skriv til dømes at «(…) serien kan även göra vad filmen inte kan, nämligen variera storleken på bildrutan för att därmed rytmisera och dramatisera berttelsen» (Lund, s. 73). Den kjende filmskaparen Federico Fellini, som òg har skrive teikneseriemanus, meiner at rørslene og rytmen er noko av det som fascinerer oss med filmmediet, men at filmar aldri kan verta like uhandgripelege og løyndomsfullt fantasieggjande som dei urørlege bileta i teikneseriane (Hegerfors, s. 28).

Dersom me kombinerer utsegnene frå Fellini og McCloud, kan me seia at noko av det særmerkte med teikneseriemediet er måten det skapar forteljingar ved hjelp av sekvensar av frosne augneblinkar. Teikneserieskaparane gjev oss dei fantasieggjande, urørlege bileta, medan me som lesarar fyller ut det som hender mellom rutene, slik at me ser samanheng og rørsle.

Kjelder:

Arild Torvund Olsen

Arild Torvund Olsen er tilsett ved Nynorsksenteret. Han har ein mastergrad i visuell kommunikasjon frå NTNU.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.