– Det er gøy å lese nynorsk. Ho smiler når ho seier det, og trykket i setninga ligg på gøy. Oslo-bibliotekaren verkar å vere heilt overtydd og litt overraska over det ho nettopp sa.
Korleis kan politikarar, skuleeigarar og skuleleiarar legge til rette for ei betre nynorskopplæring? Her er fem innspel frå senterleiar Torgeir Dimmen.
Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte tema meir enn andre. Temaa har ofte vore grammatikkundervisning, dialektlære, språkhistorie og lyrikk. Det trengst difor ei fornying av nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring.
Skal vi skape eit godt samfunn, må vi skrive god litteratur og utdanne gode lesarar, sa Terje Torkildsen i talen sin då han fekk Uprisen for andre gong under Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2012. Det er ikkje vanskeleg å vere einig i det. Men aktørane i det ungdomslitterære feltet har ulike oppfatningar av kva god ungdomslitteratur er. Ved etableringa av Uprisen har lesarane i målgruppa fått estetisk stemmerett. Kva seier dei?
Smak på følgjande påstand, som stadig er å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: «Meir øving i hovudmålet og mindre opplæring i sidemålet gjer elevane flinkare i norsk.» Er det sant?
Skam har vist at jenteseriar kan vere kvalitetsseriar, både når det gjeld innhald og form. Serien er ein av få seriar som er ein felles kulturell referanse for ungdom, og bør derfor vere eit godt utgangspunkt for samtalar og diskusjonar i klasserommet.
Nei, dette innlegget handlar ikkje om at Dickens-klassikaren har blitt omsett til nynorsk. Dette handlar om forventningar til ei ordning med namnet Nynorske lesegledarar. Men det handlar kanskje mest om kor vidt eg, som ein representant for denne ordninga, klarar å innfri forventningane.