• Blogg
  • Ytring: Fem forslag til betre nynorskopplæring

Ytring: Fem forslag til betre nynorskopplæring

26.08.2016

MG 8173 825x510

Korleis kan politikarar, skuleeigarar og skuleleiarar legge til rette for ei betre nynorskopplæring? Her er fem innspel frå senterleiar Torgeir Dimmen.

Grunnleggande utfordring

Nynorsk må framsnakkast. Svært mange nordmenn har manglande forståing for kvifor det er viktig og verdfullt for norsk språk og kultur å bevare nynorsk som likeverdig med bokmål. Det er mange og samansette årsaker til denne motstanden, og ei haldningsendring føreset tiltak på mange ulike arenaer i samfunnet. Skulen er ikkje den einaste arenaen, men det er den viktigaste.

Betre lærarutdanning

Mange norske lærarar må bli betre til å undervise nynorsk og om nynorsk. Både grunnutdanninga og tilbodet om etter- og vidareutdanning ved mange av dagens lærarutdanningar er for dårleg på dette området. Kandidatar frå norske lærarutdanningar blir sertifiserte for å undervise over heile landet, også i nynorskkommunar. Difor bør alle dokumentere kompetanse i begge dei norske målformene. Det gjeld både 1–7- og 5–10-løypene. Unntak frå dette kravet kan vurderast i særlege høve, t.d. for studentar med anna morsmål enn norsk. I dag er det svært varierande praksis ved lærarutdanningsinstitusjonane m.o.t. dokumentasjon av nynorskkompetanse og fritaksordningar. Her trengst nasjonale retningslinjer med klare kompetansekrav.

Styrk rettane til hovudmålselevane

Gjeldande ordningar (m.a. om klassedeling og lærebøker på eiga målform) må handhevast. I område med språkblanda elevkull må lærarar og skuleleiarar verte meir medvitne om tendensen til målbyte, og gi aktiv støtte til elevar som vil halde på nynorsk. Ei endring av opplæringslova, slik at retten til undervising på eiga målform skal gjelde til og med tiande klasse, vil også vere med på å førebygge målbyte i overgangen til ungdomstrinnet.

Bruk læreplanen

Kompetansemåla i den gjeldande versjonen av norsklæreplanen (2013) er eit godt utgangspunkt for god og variert nynorskundervising. Her er det m.a. lagt opp til elevane skal introduserast for sidemålet gradvis på småskulen og på mellomtrinnet. Bruk av nynorske lærebøker og læremiddel i ulike fag kan gå inn som ein del av denne tilnærminga. Blir dette gjort på ein bevisst og systematisk måte, vil det gi elevane eit godt grunnlag for den meir formelle sidemålsopplæringa på høgare klassetrinn. Å starte tidleg med nynorsk er ein effektiv og rimeleg didaktikk i sidemålsopplæringa. Det er også god vaksine mot fordommar mot nynorsk seinare i skuleløpet.

Les meir: Tidleg start med nynorsk

Avmystifiser nynorsken

Nynorsksenteret har laga ein språkplakat med nokre punkt som vi meiner er eit godt grunnlag for god nynorskopplæring. Han oppsummerer mange gode tips som først og fremst gjeld sidemålsopplæringa på mellomtrinnet, men dei kan lett tilpassast eldre elevar. Fleire av punkta høver også i område der nynorsk er opplæringsmål. Plakaten er utarbeidd i samarbeid med professor Synnøve Matre, og er ein del av ein gratis nettressurs i den nasjonale lese- og skrivesatsinga Språkløyper.