• Blogg
  • Ytring: Tidleg start med sidemål

Ytring: Tidleg start med sidemål

11.03.2016

Tidleg start

Sjetteklassingar ved Finstad skole i Lørenskog laga nynorske biletbøker for andreklassingane.

«Det er fint når bror min på ungdomsskolen spør om eg kan hjelpe han med leksa i nynorsk.» Dette skreiv ein av elevane ved ein barneskule i Bodø etter å ha delteke i nynorskprosjektet Tidleg start.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

No er Nynorsksenteret i gang med tredje runde med Tidleg start, eit prosjekt som har vore innom skular over heile landet, der elevane har bokmål som hovudmål. Vi kallar prosjektet Tidleg start, ikkje fordi det er spesielt tidleg å starte med sidemålsundervising på mellomtrinnet, men fordi det trass alt er tidlegare enn å starte med det på ungdomsskulen. Mange lærarar utset å introdusere nynorsk til elevane går i 8. eller til og med 9. klasse, sjølv om læreplanen seier at ein skal lese nynorske tekstar på barnesteget, og eksperimentere med skriving på sidemålet på mellomsteget. Det er klart at det då kan verte ein brå start, som ofte endar i dårleg meistring og negative haldningar.

Det fine med å starte med nynorskopplæring på mellomsteget er at ho slett ikkje treng å berre gå føre seg i norsktimane. Gjennom Tidleg start ønskjer vi å leggje til rette for varierte og inspirerande arbeidsformer, lærebok i nynorsk i andre fag enn norsk, teaterbesøk, mykje høgtlesing, ulike skriveaktivitetar og mykje meir. Det er viktig at læraren ikkje brukar raudblyant eller startar nynorskopplæringa med å presentere grammatikken. Det viktigaste er å utforske skriftspråket, så kjem det andre etter kvart.

Gjennom høgtlesing får elevane eit nært møte med dei mange gode nynorske barnebøkene, og læraren er bevisst på å skape eit undrande språkmiljø i elevgruppa. Komparativt språkarbeid der ein samanliknar ord som er like og ulike i dialektene, bokmål og nynorsk, er ein nøkkel og innfallsport til å eksperimentere med språk.

Nynorskopplæring er altså ikkje noko ekstra læraren skal gjere i tillegg til alle dei andre oppgåvene og faga på timeplanen. Det bør kome inn i dei kvardagslege gjeremåla, faga og aktivitetane, og spegle at nynorsk er eit bruksspråk. Kva med å ha vekeplanen på nynorsk nokre veker i året? Kanskje skulen kan tinge samfunnsfagbøkene på nynorsk neste gong? Ta gjerne ein tur innom www.nynorskbok.no. Der vil du finne tips til litteratur som passar for elevane dine. Å bruke gode tekstar som utgangspunkt for avskrift eller eiga skriving er ei god arbeidsform.

For fleire tips til undervisingsopplegg knytt til nynorsk som sidemål på mellomtrinnet: www.nynorsksenteret.no/tidleg