Engasjer: Nynorsk lesekurs for elevar på mellomtrinnet
22.10.2025

Engasjer lesekurs er eit intensivt lesekurs for elevar på mellomtrinnet som strevar med lesing, og er utvikla av lærarar og forskarar ved Nasjonalt lesesenter i Stavanger. Lesekurset finst på både bokmål og nynorsk, og Nynorsksenteret har hatt ansvaret for å omsetje og tilpasse Engasjer til nynorsk.
Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
I kurset får elevane arbeide med engasjerande tekstar innanfor fem aktuelle og tverrfaglege tema. Kvart tema har ei problemstilling, til dømes: «Er det plass til alle på jorda?» eller «Kva betyr det å vere sterk?». Gjennom å lese og arbeide med tekstar skal elevane prøve å drøfte og svare på problemstillinga.
Målet med kurset er at elevane skal få meir lyst og betre føresetnader til å engasjere seg i lesing og tekstarbeid. I kurset er det lagt vekt på arbeid med leseflyt og lesestrategiar. Det er også lagt vekt på at tema, tekstar og oppgåver skal vere engasjerande.
Ein del av tekstane elevane skal lese, finn ein i elevhefta som høyrer til kurset. I tillegg er der ein del bøker skulane må kjøpe inn sjølve. Alle bøkene som høyrer til den nynorske omsetjinga, er nynorske barne- og ungdomsbøker. Oppgåvene til desse bøkene er skreddarsydde for den nynorske omsetjinga.
Alle barneskular som er registrerte med nynorsk som hovudmål, vil i haust få ein nynorsk kurspakke i posten. I denne pakken vil det vere ei lærarrettleiing og fem elevhefte. I tillegg finn de ei nynorsk litteraturliste med oversyn over dei nynorske bøkene skulane treng for å gjennomføre lesekursa.
Har du spørsmål om Engasjer på nynorsk?
Kontakt:
Høgskulelektor Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret:
liv.astrid@nynorsksenteret.no