• Blogg
  • Kva skjer når den nynorske skrivestøtta fell vekk?

Kva skjer når den nynorske skrivestøtta fell vekk?

17.11.2026

Illustrasjonsfoto skjerm og skrivebok vaishnav vharkat e V Jc BR2 X Os unsplash kopi

Dei fleste skular tek i bruk sikker nettlesar under skriveøkter, fagdagar og tentamenar. Elevane har øvd på å bruke skrivestøtta i skriveprogramma sine og fått god hjelp av dei raude strekane under orda. Utfordringa oppstår når denne støtta fell vekk eller blir dårlegare akkurat når det gjeld. 

Tekst: Jorid Saure

Fleire lærarar melder om at elevar som tidlegare har meistra å skrive nynorsk korrekt, opplever at det er vanskeleg å ordleggje seg utan den vande skrivestøtta.  

Korleis kan vi førebu elevane på å skrive nynorsk i ein sikker nettlesar? 
Her må det øving til! Elevane treng å bli trygge på det nynorske formverket og øve på å skrive og revidere eigne tekstar. Målet er at elevane skal bli meir merksame på kva dei får godt til, og kva dei må arbeide meir med, og at dei i større grad skal overvake rettskrivinga si. 

Tips til deg som lærar:

Legg opp til repetisjonsøvingar så elevane får øve seg på: 

Bruk nettordboka:

  • Modeller og vis elevane korleis dei kan bruke nettordboka på best mogleg vis: 
    https://ordbokene.no/
  • La elevane bruke sidene våre om nynorsk grammatikk som kjelde i arbeidet. Sidene forklarar på ein enkel og god måte kva som kjenneteiknar det nynorske formverket, og er tilpassa elevar. 
123 substantiv inkjekjonn1 tom
Nynorsk grammatikk

Her finn du innføringar i nynorsk formverk knytt til ulike ordklasser.

Det er viktig at elevane tek eigarskap til språkutviklinga si 
Eit viktig førebuingstips til elevane er at dei må gå gjennom tilbakemeldingane frå lærar og lage ei liste over skrivemåtar, ord, ordklasser og bøyingsmåtar som dei må vere særskilt merksame på. Oppmod dei om å bruke språklege omgrep når dei skriv førebuingslistene sine. Det er også viktig at dei skriv kva område av rettskrivinga dei opplever at dei meistrar godt.  

Tips: 
Bruk gjerne arket som utgangspunkt for å snakke om språkutviklinga til eleven når de har elevsamtale eller utviklingssamtale. 

Ei enkel skrivebestilling til elevane kan vere:  
Lag deg eit førebuingsark der du gjev deg sjølv tips til kva du må vere merksam på når du skriv nynorsk. Bruk faglege omgrep når du skriv. 

Døme: 
Dette får eg godt til: 
Eg kjenner at eg meistrar godt bruk av personlege pronomen når eg skriv nynorsk. Eg har valt å bruke fleirtalsforma «dokker», for då slepp eg å skilje mellom de og dykk og kan berre skrive «dokker» der eg hadde skrive «dere» på bokmål. Eg må vere litt obs på at eg ikkje blandar pronomenet «dokker» med eigedomsordet «dokkar», for det er noko anna. 

Dette må eg vere merksam på:  
Eg har god kontroll på verbbøyinga, men skriv alltid bokmålsverbet «finnes» i staden for «finst», så det må eg hugse på. Eg må også repetere substantivbøyinga, så eg ikkje brukar feil kjønn. Det heiter ikkje «ein dør», men «ei dør», så eg må vere særskilt merksam på hokjønnsorda. Sist skriveøkt skreiv eg om «rotne epler», men inkjekjønnsord i ubestemt form fleirtal får inga ending, difor må eg skrive «rotne eple» når eg skriv nynorsk. Eg må også hugse å setje eigedomsordet etter substantivet. «Min mor» blir altså til «mora mi», når eg skriv nynorsk. 

Forslag til førebuingsark: Eg førebur meg til norsk skriveøkt (docx)