Svake eller sterke verb?

I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide utforskande med skilnaden mellom sterke og svake verb. Dei samanliknar bøyingsmønster og undersøkjer kva som kjenneteiknar verba: Får dei endingar? Skjer det vokalendringar? Kva rolle spelar ordstamme og bøying?  

Opplegget vekslar mellom individuelt arbeid og samarbeidsoppgåver, og elevane arbeider både munnleg og skriftleg. Dei bøyer verb, formulerer eigne reglar og brukar fagomgrep aktivt når dei skal forklare om eit verb er sterkt eller svakt. Til slutt i opplegget finn du tre større skriveoppgåver der elevane må bruke kunnskapen sin om sterke og svake verb i eigne tekstar. 

Målet med opplegget er at elevane ikkje berre skal kunne bøye verba korrekt, men forstå kva som skil sterke og svake verb og kunne grunngje det med eit presist fagspråk. Det kan fremje både utviklinga av eit språk for språket – og eit språkleg medvit.  

Lenkje til leseteksten som høyrer til skriveoppgåve 1: https://framtida.no/2026/02/19/illustrator-reagerer-pa-ki-skapt-bokomslag 

Lenkje til leseteksten som høyrer til skriveoppgåve 2: https://framtida.no/2025/08/14/tobias-sten-om-suksessen-livet-er-snudd-pa-hovudet-og-eg-klyper-meg-i-armen-kvar-gong-eg-vaknar 

Lenkje til leseteksten som høyrer til skriveoppgåve 3: https://framtida.no/2025/11/12/yrket-mitt-kaj-25-eig-atte-matbuer-og-ein-restaurant