Årshjul for ungdomstrinnet
Ein måte å gjere nynorskundervisninga så aktuell, relevant og motiverande som mogleg på, er arbeide med tema og opplegg som passar til tida ein er inne i. Skriv gjerne årshjulet vårt ut og heng det over kopimaskina, så blir det enklare å hugse på dei ulike læringsaktivitetane som ventar. God nynorskundervisning!
(Trykk på pluss-teiknet under for å sjå årshjulet.)
-
Årshjul for ungdomstrinnet
Last ned årshjulet i Word-format: Årshjul for aktuelle læringsaktivitetar på ungdomstrinnet (docx)
September
- Hausten – eit kreativt temaarbeid i norsk. Målet med arbeidet er å kjenne att og sjølv bruke språklege bilete i eiga tekstskaping.
- Sjå også opplegga vi har laga til sakprosaboka Det året eg vakna av Sigri Sandberg. I oppgåvebanken finn du mange haustrelevante oppgåver, blant anna ei oppgåve der elevane skal nærlese og arbeide med diktet «Raude lauv» av Jon Fosse.
Oktober
- Halloween på nynorsk. I denne ressursen har vi samla ulike oppgåver og tips til litteratur i samband med halloween
November–desember
- Desembergåva er ein litterær julekalender for ungdomstrinnet, skriven for Nynorsksenteret av forfattaren Linn T. Sunne.
- Er jorda deilig? Eit undervisingsopplegg om verdshåp og språk. I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med NRK-artikkelen «Er jorda deilig? Ein av våre mest kjende salmar vart skriven under ein blodig krig» og sjølve lage ein presentasjon der dei formidlar bodskapen i songen på sin eigen måte.
- Svovelstikker og mobiltelefon – ei samanlikning av to tekstar. Å samanlikne tekstar er eit sentralt mål i norskfaget. I denne læringsressursen får elevane nærlese og samanlikne tekstane «Den vesle jenta med svovelstikkene» av H.C. Andersen og «Guten med mobiltelefonen» av Frode Grytten.
- Her finn du tips til språklege aktivitetar, desemberaktuelle tekstar, læringsopplegg og songar som du kan krydre dagane i desember med.
- Jula – ei forteljingsløype. I dette læringsopplegget tek elevane i bruk ein tverrfagleg og temabasert metode for å utforske ulike problemstillingar som er relevante for tida vi er inne i.
Januar
- Godt nytt år! Samtale- og skriveoppgåver om det nye året.
- Sjå også opplegga vi har laga til vintertekstane i Det året eg vakna av Sigri Sandberg. Her får elevane mellom anna skrive om eit dramatisk møte med ein isbjørn og øve på å bruke sanseinntrykk og byggje opp spenning i teksten.
Februar
- Samane sin nasjonaldag, 6. februar: Ressurs der ein skal samanlikne songtekstane Samisk nasjonalsong og Nordmannen.
- Tips til undervisingsopplegg i samband med den samiske nasjonaldagen eller samisk veke.
- Venskap og kjærleik: motiverande småskriving på nynorsk! I dette opplegget finn du ei rekkje småskrivingsoppgåver på nynorsk med utgangspunkt i tema som mange ungdomar er opptekne av, nemleg venskap, forelsking og gode kjensler.
Mars
- Kvinnedagen – ein dag for historisk medvit og engasjement! Gjennom opplegget skal elevane setje seg inn i kvifor likestilling som demokratisk verdi er under press, og sjølv ta stilling til kva som kan gjerast for å fremje likestilling i samfunnet vårt.
- I desse ressursane om kvinnedagen finn dokker oppgåver og tekstar der ein skal lese, samtale om og reflektere over oppfatningar vi har om kjønn, og korleis språket vårt brukar kjønn som plussord, minusord og på ein krenkande måte.
April
- Ressurs som høver til påske: Frå fjellvett til livsvett – å ta trygge vegval.
- Sjå også vårtekstane i Sigri Sandberg si bok Det året eg vakna. I oppgåvebanken finn du mellom anna ei oppgåve der elevane får arbeide med annonsen «Den sanne historien om blomster og bier», øve på å finne retoriske verkemiddel og skrive ein retorisk analyse ved hjelp av skriveramme. Hugs at du kan tilpasse oppgåva til alderssteget ved å berre bruke delar av henne.
- På med skoa – ein læringsressurs som tek utgangspunkt i fottøyet! Ungdomar er opptatt av sko, og i denne læringsressursen får dei nærlese og arbeide med ein engasjerande artikkel om Nike som heiter «Frå vaffeljarn til verdsherredøme». Elevane skal mellom anna reflektere over korleis sko opptrer i språket vårt, og jobbe med grammatikkoppgåver. Til slutt skal elevane skrive ein skjønnlitterær tekst der sko er det sentrale motivet. Ressursen kan byggjast ut eller inn etter eige ønske.
Mai
- 17. mai – ein folkefest for alle? Elevane skal lese og samanlikne to tekstar. Dei skal også samanlikne språka i tekstane og skrive om funna.
- Brevet frå krigen er ein ressurs som er aktuell å bruke i tilknyting til frigjeringsdagen 8. mai.
- Tekst og intervju som kan inspirere elevane til å skrive eigne 17. mai-talar.
- Våren er her! Varierte læringsaktivitetar, ute og inne.
Juni
- 30-leiken. I dette opplegget skal elevane finne postar med grammatikkoppgåver ute i terrenget.
- Lag ei litteraturløype! I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med å lese og tolke lyrikk og bruke tolkinga si som utgangspunkt for å lage ei litteraturløype.
- Nynorske skriveoppgåver for sommarvarme klasserom. Er du på jakt etter motiverande nynorske skriveoppgåver som elevane kan arbeide med før sommarferien? I dette oppgåvesettet kan elevane velje mellom ulike typar sommaraktuelle skriveoppgåver. Dei kan for eksempel planlegge draumereisa si, lage sin eigen sommarbingo, eller skildre den optimale sommardagen. Alle oppgåvene er samla i ein presentasjon som elevane kan redigere direkte i.
- Sjå også oppgåvene vi har laga i tilknyting til sommartekstane i sakprosaboka Det året eg vakna av Sigri Sandberg. Eitt av opplegga tek utgangspunkt i diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge , og elevane skal nærlese diktet og utforske stemninga og trøysta diktet kan gje oss. Sjå også det som står skrive om å planlegge ei litterær naturvandring der elevane kan lese naturdikt og skrive eit refleksjonsnotat om kva naturen kan bety for kjensla av ro.
- Tips til gode nynorske bøker elevane kan lese, finn du her: Ungdomsbøker – Nynorskbok