Jula – ei forteljingsløype

I dette læringsopplegget tek elevane i bruk ein tverrfagleg og temabasert metode for å utforske ulike problemstillingar som er relevante for tida me er inne i. Storyline-metodikken har som mål å få elevane til å tenkje kritisk, reflektere og samarbeide om ulike læringsfremjande oppgåver. Konteksten for forteljingsløypa er jula. Elevane får tildelt realistiske utfordringar der dei skal utforske ulike tema og tileigne seg kunnskap og kompetanse om dei komplekse situasjonane liva våre inngår i. I forteljingsløypa inngår oppdrag som å utforme julebudsjett, lage ein plan for ei berekraftig jul, og å gjere juletida hyggelegare for dei rundt deg.

Det er til saman fem ulike elevoppdrag. Desse oppdraga er:

  1. Skap ein familie
  2. Kvar skal familien bu?
  3. Familiebudsjett
  4. Ei berekraftig jul
  5. Ei gledeleg jul – trass alt!

Ein står sjølvsagt fritt til å leggje opp til fleire eller færre oppdrag.

Om organiseringa

Tidsramma for denne forteljingsløypa er tre veker. Lærarane har høve til å leggje til oppdrag etter kvart som forteljinga utviklar seg, og med det utvide læringsopplegget etter eige ønske. Diskuter med dei andre klasselærarane om korleis de kan samarbeide om forteljingsløypa på ein best mogleg måte. Gjer arbeidet med forteljingsløypa til eit samarbeidsprosjekt som alle tek aktivt del i. Del på erfaringane de gjer dykk, og utform nye oppdrag og vurderingar etter kvart. Hugs å gjere nynorsk til eit hovudspråk under arbeidet med forteljingsløypa. Å arbeide med nynorsk som bruksspråk over ein lengre periode gir elevane mengdetrening i å bruke språket og nyttige språklege erfaringar som dei kan byggje vidare på i utdanningsløpet.

Digitale tips

La elevane bruke samskrivingsverktøy som Google dokument/presentasjon, Word online eller teams. Når elevane skal idémyldre eller vise fram arbeidet sitt, kan det vere føremålstenleg å bruke digitale tavler som Padlet. Gi elevane munnlege refleksjonslekser som dei leverer inn ved å bruke applikasjonen Flipgrid.

Forteljingsløype / Storyline

Utdanningsnytt skriv om korleis digital storyline kan hjelpe med å realisere dei nye læreplanane.

Les meir om storyline-metoden og korleis Ringstabekk skole har brukt han i opplæringa.

Ei tverrfagleg forteljingsløype

Denne forteljingsløypa flettar saman ulike fag, slik livet utanfor klasseromsvindauget også gjer det. Gjennom ei kreativ tilnærming til opplæringa ønskjer vi å engasjere og involvere elevane i arbeidet på ein måte som fremjar læring.

Dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og berekrafting utvikling utgjer viktige berebjelkar i dette læringsopplegget. Faga norsk, matematikk og samfunnsfag utgjer den tverrfaglege ramma, og dette opplegget passar til mange av kompetansemåla i fagplanane. Læraren kan utvikle nye oppdrag slik at forteljingsløypa også inkluderer andre fag.

Aktuelle kjerneelement i dei ulike faga

Norsk:

Kritisk tilnærming tekst, munnleg kommunikasjon og skriftleg tekstskaping

Matematikk

Utforsking og problemløysing, modellering og bruk, resonnering og argumentasjon, og representasjon og kommunikasjon

Samfunnsfag

Undring og utforsking, samfunnskritisk tenking og samanhengar, berekraftig samfunn og identitetsutvikling og fellesskap