Lesing

Å kunna lesa som grunnleggjande ferdigheit er både ein føresetnad og ein viktig reiskap i læringsarbeidet i faga. Ei god leseopplæring må leggja vekt på å utvikla dei språklege ferdigheitene til elevane.

Nynorske fagomgrep er mindre brukte enn dei tilsvarande fagomgrepa på bokmål. Difor er det viktig å arbeida grundig med både uttrykk og innhald i klasserommet. Det kan ein gjera på ulike måtar, til dømes ved å bruka fagomgrep og andre ord i lærebokteksten/fagteksten i tokolonnenotat, avsnittsskjema eller tankekart. Det er også nyttig om læraren brukar dei nynorske fagomgrepa i faglege samanhengar, både munnleg i klassesamtalar og gjennomgang av fagstoff, og skriftleg i modelltekstar, skriveoppgåver og på tavla. På den måten modellerer han/ho bruken for elevane. Å samanlikne fagomgrep og andre ord og frasar på bokmål og nynorsk gjev også god språklæring.

For å verta ein god nynorsklesar, må ein lesa mykje på nynorsk, lesa variert: både fagtekstar, skjønnlitteratur og ymse tekstar frå mediekvardagen, og læra høvelege lesestrategiar å ta i bruk i møte med ulike tekstar. Fagtekstar krev andre tilnærmingar både før, under og etter lesing enn spenningsforteljingar. Når ein les fagtekstar er det viktig å identifisera føremålet med teksten (t.d. å forklara, beskriva, rapportera ...), forstå kva han handlar om, finna ut kva viktige ord og omgrep i teksten tyder med meir, medan det med spenningsforteljingar ofte kan vera fint å la seg riva med.

Joggesko
På med skoa – ein læringsressurs som tek utgangspunkt i fottøyet

Ungdomar er opptatt av sko, og i denne læringsressursen får dei nærlese ein engasjerande artikkel om Nike og skrive ein faktatekst om temaet. Dei skal også reflektere over korleis sko opptrer i språket vårt, og jobbe med grammatikkoppgåver.

Hush naidoo jade photography ikon
Retoriske appellformer og språklege verkemiddel

I dette undervisningsopplegget skal elevane leite etter retoriske appellformer og språklege verkemiddel i debattinnlegget «Eit sviktande hjarte» av Egil Romslo Schistad.

Vi lagar lydbok kvadrat
Vi lagar lydbok

Når ein formidlar ein tekst gjennom høgtlesing, treng ein ha god kjennskap til teksten ein skal lese. I denne ressursen skal elevane utforske og eksperimentere med korleis ein kan formidle ein tekst gjennom å lese han høgt.

Aa sjaa likskapar kvadrat
Å samanlikne tekstar

Å samanlikne tekstar er eit sentralt mål i norskfaget. I denne læringsressursen får elevane samanlikne tekstane «Onsdag 11. mars» av Sigrid Agnete Hansen og «Torsdag 12. mars» av Helga Songøygard Battin.

Jordnar og hogtsvevande
Arbeid med strategiar som gode lesarar nyttar

I denne ressursen skal elevane lese portrettintervjuet «Jordnær og høgtsvevande» og arbeide med ulike lesestrategiar. Dei skal mellom anna samanfatte, finne nøkkelord og stille spørsmål til teksten.

Multiple Tekstar
Å lese multiple tekstar

Filmen «Å lese multiple tekstar» viser korleis ein lærar på ungdomstrinnet underviser i å arbeide med informasjon frå fleire kjelder.

Lesing Og Skriving I Samfunnsfag
Lesing og skriving i samfunnsfag

Filmen syner korleis ein kan arbeide grundig og systematisk med lese- og skriveopplæring, heile vegen frå før elevane startar å skrive til det ferdige produktet er klart.

Hovudmaal Ikon
Språkløyper: Nynorsk som hovudmål

Elevar med nynorsk som hovudmål har nokre utfordringar som elevar med bokmål som hovudmål ikkje møter. I denne fagressursen ser vi på korleis vi som lærarar i alle fag kan hjelpe elevane til å bli trygge nynorskbrukarar.

Mg 8218 Kvadrat
Nynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk

Når elevar med bokmål som hovudmål har lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan dei tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk.