Å lese multiple tekstar

Filmen «Å lese multiple tekstar» viser korleis ein lærar på ungdomstrinnet underviser i å arbeide med informasjon frå fleire kjelder.

Innhaldet i filmen er basert på kompetansemål i samfunnsfag der det heiter at eleven skal kunne «reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene» (LK06). Etter Fagfornyinga (2020) er filmen framleis aktuell: No skal elevane «vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår». 

Eit utval medietekstar der ulike synspunkt i diskusjonen om ulven skal få leve eller ikkje kjem til uttrykk, er tekstgrunnlaget for undervisningssituasjonen. Målet er at elevane skal utvikle kjeldemedvit og utforske og samanstille innhaldet i tekstane.