Skjønnlitteratur
Boktips
Litteraturopplegg
Tid for ti
Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Utdrag frå ti nynorske bøker ligg ute både som lydfiler og tekst, og det finst oppgåver til alle utdraga.
Leselyst – korleis kan du som lærar bruke nynorskbok.no?
På denne sida finn du tre tips til bruk av nynorskbok.no i klasserommet: podkast, bokønskelister og lesekampanje.
Frå tekst til tribune – om Blix, språk og felles kulturarv
Kva har ein 130 år gammal nynorsk song med FK Bodø/Glimt å gjere – og kva kan livet og arbeidet til Elias Blix fortelje oss om det norske samfunnet? Dette undervisingsopplegget gir elevane ein konkret og engasjerande inngang til norskfagleg arbeid gjennom songen «Å, eg veit meg eit land» (Barndomsminne frå Nordland).
Stormfulle høgder til nye generasjonar
Korleis kan vi gjere ein 1800-talsklassikar levande for nye generasjonar? I dette opplegget for 10. trinn og vgs. arbeider elevane med eit utdrag frå nynorskutgåva av Stormfulle høgder og set teksten i dialog med film og musikk frå vår eiga samtid. Målet er å vekkje leselyst, styrkje tolkingsevna – og arbeide med tekst i kontekst.
Annleis
Dette er eit temabasert undervisningsopplegg om det å vere annleis. Opplegget inviterer elevane til å reflektere over kva det vil seie å ikkje passe inn, å skilje seg ut – eller å oppleve at andre gjer det. Gjennom arbeid med ulike skjønnlitterære tekstar og saktekstar får elevane møte karakterar og menneske som på ulikt vis utfordrar det «normale».
Arbeid med romanen Eit anna blikk
I dette undervisningsopplegget skal elevane nærlese ungdomsromanen Eit anna blikk (2021) av Erlend Skjetne. Elevane svarer på tenke- og hugsespørsmål til romanen undervegs, skriv ein kreativ tekst som ligg nært opp mot romanen i tematikk, og reflekterer saman i grupper om sentrale spørsmål. Perioden blir avslutta med ein fagsamtale.