Arbeid med språklege verkemiddel i ei novelle

«Ein motig maur» av Tarjei Vesaas

Novella «Ein motig maur» av Tarjei Vesaas har mange språklege verkemiddel, og eit sentralt læringsmål i ressursen er at elevane skal finne og namngje språklege verkemiddel i novella. Dei skal også vite noko om kvifor ein brukar språklege verkemiddel når ein skriv.

I læreplanen i norsk legg kjerneelementet «Språket som system og mulighet» vekt på at elevane skal utvikle kunnskapar om og eit omgrepsapparat for å skildre estetiske sider ved språket. Det er også eit mål at elevane skal kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar. Når elevane leitar etter og oppdagar kreative måtar å skrive på, kan det gje dei inspirasjon til å eksperimentere med språket i eiga skriving.

Wolfgang hasselmann J7 Ar FY Qr B Xw unsplash

Oppgåvene er prøvde ut i ein åttandeklasse, og elevane arbeidde med noveller då dei las «Ein motig maur» i klassen. Dei hadde noko sjangerkunnskap på førehand, men få kunnskapar om språklege verkemiddel. Elevane likte novella og oppgåvene godt. Det språklege uttrykket er rått, leikande og humoristisk, og elevane var engasjerte i arbeidet med å finne språklege verkemiddel i teksten. Ressursen vil også kunne passe for elevar på høgare trinn, både i ungdomsskulen og vidaregåande.

I ressursen nyttar vi biletboka «Ein motig maur» av Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland i tillegg til sjølve novella. Denne boka er ei remediering av novella, og kan vere ein døropnar for å motivere elevane til å lese novella. Ein kan gjennomføre opplegget utan å ha tilgang til denne boka, men vi vil anbefale at brukar boka til Kverneland.

Ein treng 2–4 undervisningstimar til å gjennomføre heile eller delar av undervisningsressursen.

Tekstar

«Ein motig maur» av Tarjei Vesaas

  • Novella er ein del av novellesamlinga «Vindane» frå 1952 (s. 5–14).
  • De finn heile novellesamlinga på nb.no: Vindane

«Ein motig maur» av Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland

Presentasjonar

Dokument til deling/utdeling

Før lesing

Leit fram presentasjonen «Tekst i kontekst».

Gjennomfør ein assosiasjonsrunde der klassen får komme med innspel om kva eigenskapar mauren har, kva som kjenneteiknar samfunnet i maurtua, og kva mauren kan symbolisere. La gjerne elevane arbeide to og to og skrive stikkord i til dømes Padlet.

Spør om klassen kjenner til at mauren blir brukt i litteraturen. Her vil kanskje nokon vise til bibelverset «Gå til mauren du late» (Ordt. 6,6) og diktet «Mauren» av Inger Hagerup.

I etterkrigslitteraturen har mauren og maurtua blitt brukt som bilete på korleis samfunnet vårt fungerer og korleis menneske bør oppføre seg for at vi skal kunne leve saman i respekt og fred.

Eit døme på dette er biletboka «Ein modig maur» av Frithjof Sælen (1948). Den modige mauren i denne boka blir vist ut frå maurtua si på grunn av ein skavank som gjer at han ikkje kan bere bører lite godt som dei andre maurane. Mot slutten av boka kjem han tilbake til maurtua. Då har han lært ein beremetode i ei anna maurtue, ein metode som er meir effektiv, som også han kan vere med på.

Fire år etter denne boka kom novella «Ein motig maur» av Tarjei Vesaas ut. I presentasjonen får elevane sjå framsida av biletboka med same tittel. Kva eigenskapar trur elevane denne mauren har? Trur elevane denne mauren liknar på mange andre maurar i litteraturen?

Gje klassen ein kort presentasjon av Tarjei Vesaas. Dersom du ønskjer meir enn det som står i den vedlagde presentasjonen, finn du det på www.snl.no.

Under lesing

Ein motig maur

Les biletboka «Ein motig maur» saman. I 1998 gav teikneserieskaparen Steffen Kverneland ut ei rekkje teikneseriar han kalla «amputerte klassikere» der han brukte utdrag med direkte sitat frå kjende litterære verk og lagde illustrasjonar til. Ein av desse amputerte klassikarane var novella «Ein motig maur».

Kverneland sine tolkingar av novella viser ein hissig og motig maur med underbit og gult raseri i auga. Biletboka understrekar råskapen i novella, og Steffen Kverneland fortel historia så blod og lemmer skvett.

Denne boka kan vere ein døropnar for å motivere elevane til å lese heile novella. Ho kan også gjere språket i novella lettare tilgjengeleg for elevane.

Les novella saman. Teksten er nokså lang, og med fleire ord og omgrep som kan vere nye for elevane, så det kan vere lurt at lærar les novella høgt i klassen.

Elevane må ha teksten framføre seg på skjerm eller papir.

Vedlagt finn du eit ark med ordforklaringar. Samtal om desse orda før de les. Elevane kan også ha denne lista tilgjengeleg medan ein les novella. Dei mest ukjende orda bør ein kanskje hurtig avklare medan ein les.

Etter lesing – på leit etter sjangertrekk

«Ein motig maur» er eit godt utgangspunkt for ein samtale om novelle som sjanger. Her legg ein opp til at elevane får seie noko om:

  • Omfanget (tidsrom, karakterar, lokalisering)
  • Oppbygging (tittel, innleiing, konflikt, vendepunkt, avslutning)

Leit fram presentasjonen om sjangertrekk ved novella.

I denne samtalen kan du stille spørsmål om:

  • Mauren
    Kva tenkjer du om mauren i novella? Leit fram stikkorda elevane skreiv om mauren i assosiasjonsrunden. Finn de likskapar/ulikskapar mellom mauren i novella og elevane sine tankar om kva eigenskapar mauren har, og kva mauren ofte kan symbolisere? Kva trur de mauren symboliserer i denne novella? Elevane kan også diskutere kvifor mauren er så rasande.
  • Tittelen
    Kva tenkjer de om tittelen? Synest du tittelen gjev eit frampeik om det som skal skje? Kva vil det seie å vere modig? Går det an å vere overmodig? Kva betyr det?
  • Omfanget
    Kven er med? Kva tidsrom spenner forteljinga over? Kva område flyttar mauren seg over?
  • Oppbygging
    Korleis startar novella? In medias res? Kva er det som set konflikten i gang? Kva er konflikten? På kva måte byggjer spenninga seg opp? Kvar tenkjer de vendepunktet er? Kvifor tenkjer det de? Synest de slutten er overraskande? Kvifor? Kvifor ikkje? Er slutten open eller lukka, tenkjer de? Kvifor?
    Korleis tolkar de at det er sukkeret som til slutt tek livet av mauren?
    Kva trur de forfattaren ønskjer å formidle ved å fortelje denne historia?

Etter lesing – arbeid med språket i novella

Peter f wolf XG8e YN Ydz54 unsplash

Mange stader i novella brukar forfattaren språklege verkemiddel som er med på å forsterke og skildre det som skjer i novella. Til dette opplegget følgjer arbeidsoppgåver som elevane kan arbeide med aleine eller i par, der dei leitar etter språklege verkemiddel.

Del ut dei vedlagde arbeidsoppgåvene og la elevane arbeide to og to med sitat frå teksten. Dei skal leite etter ulike måtar forfattaren uttrykkjer seg på for å skildre til dømes åtferd, kjensler, framtoning, utsjånad og omgjevnader i teksten.

Når elevane arbeider med oppgåvene, kan dei finne døme på besjeling, metaforar, samanlikning. Oppgåvene er laga slik at elevane ikkje skal trenge forkunnskapar om desse verkemidla. Dei skal gjere oppgåvene først, deretter får dei kunnskapar om kva dei ulike verkemidla blir kalla, og kva funksjon dei kan ha. Det er ikkje eit mål at alle elevane skal gjere alle oppgåvene, men det er eit mål at alle skal oppleve at dei greier noko. Det er også eit mål at elevane skal sjå korleis Tarjei Vesaas har leika seg med språket då han skreiv novella.

Når elevane har arbeidd med heftet/dokumentet, kan ein gå gjennom nokre av oppgåvene i klassen. Ein kan til døme spørje:

Kva gjer det med teksten og leseopplevinga at:

  • Myggen «sat og sturde»
  • Snigelen hadde fløytekropp
  • Eitermauren blir skildra som liten, gul, stygging, ljosgul, giftig, snar som elden og med brennande giftsprøyter
  • Saksa hjå den modige let seg mødesamt opp og klipte
  • Ordet «rasande» gjentek seg gjennom heile novella

Etter lesing – Språklege verkemiddel

Til dette opplegget følgjer det ein presentasjon av språklege verkemiddel ein finn i novella. Presentasjonen viser direkte sitat frå teksten der ulike språklege verkemiddel er representerte. Dei ulike verkemidla er ikkje grundig forklarte i denne presentasjonen. Gode forklaringar finn ein på ndla.no og norsksidene.no. Du finn også ein presentasjon om språklege verkemiddel i denne ressursen om hausten: Hausten – eit kreativt temaarbeid i norsk

Ein treng ikkje gå gjennom alle dei språklege verkemidla i presentasjonen, men ein kan velje nokre ein ønskjer elevane skal fokusere på eller arbeide med. Elevane kan diskutere med læringspartnaren sin kvar i sitatet ein finn det aktuelle språklege verkemiddelet

Døme:

Overdriving: Maurane slepa til gripeklørne låg att på arbeidsplassane.

Elevane prøver å finne kva i sitatet som gjer at dette er overdriving. Dei kan også godt diskutere kvifor dei trur forfattaren formulerte seg slik og kva dette gjer med lesaropplevinga.

Vidare arbeid

Be elevane finne episodar eller avsnitt i novella som dei lagar ein eller fleire illustrasjonar av, til dømes:

  • møtet med agnmakken
  • møtet med kleggen

Be elevane velje eitt eller fleire avsnitt i novella og forklare sakleg, med eigne ord, kva som skjer, til dømes:

  • møtet med yrkesbrørne
  • møtet med agnmakken
  • møtet med snigelen
  • kampen om strået

Leit etter døme i teksten på språklege verkemiddel

  • besjeling
  • overdriving
  • samanlikning
  • metaforar
  • kontrast
  • gjentaking