Hausten – eit kreativt temaarbeid i norsk
Gjennom å arbeide med ulike oppgåver får elevane rike moglegheiter til å bruke den munnlege og skriftlege framstillingsevna si. Arbeidsformene er varierte og inneber både samarbeidsoppgåver og eige arbeid. Læringsopplegget er lett å ta i bruk, og læraren kan tilpasse både lengda og innhaldet i arbeidet etter eige ønske.
Kva er målet med arbeidet?
Målet med arbeidet er å kjenne att og sjølv bruke språklege bilete i eiga tekstskaping. Elevane skal også reflektere over korleis språklege bilete er ein del av det munnlege språket vårt. Gjennom arbeidet med diktet «Haust» av Ruth Lillegraven får elevane reflektere over typiske trekk ved den nynorske skrivemåten. Kunnskapen og refleksjonane som elevane tileignar seg gjennom oppgåvearbeidet, skal gjere dei rusta til å sjølv skrive ein lyrisk korttekst som har hausten som tema. Teksten skal utformast som ein samansett tekst, der bileta understrekar temaet som blir formidla.
Læringsopplegget høver både for elevar som har nynorsk som hovudmål, og for elevar som har nynorsk som sidemål. Temaarbeidet kan leggjast opp som eit tverrfagleg samarbeid mellom norsk og kunst og handverk.
Tidsplan
Arbeid i norsktimane over to veker. Lærarane kan plukke ut dei øktene dei sjølv ønskjer, og treng ikkje å gjennomføre heile læringsopplegget. Til kvar time høyrer det ein Powerpoint-presentasjon. Dersom du vil, kan du sjå alle presentasjonane samla i PDF-format (men då utan animasjonane).
1. time
Bli inspirert!
Fang hausten gjennom kamera! Denne oppgåva kan gjerast i samla klasse, eller bli gitt som lekse.
2. time
Kunnskapsbygging
Elevane arbeider med ulike oppgåver om språklege bilete.
3. time
Miniframføring om språklege bilete
4. time
Språklege bilete i lyrikken
Arbeid med diktet «Haust» av Ruth Lillegraven. Du finn diktet på sida til leseaksjonen Tid for ti.
5. time
Skriveøving
Elevane lagar eigne språklege bilete. Last ned arbeidsarket som pdf eller docx.
6. time
Skriveoppgåve
Elevane skriv ein lyrisk korttekst med temaet haust.
7. time
Framføring i klasserommet, eller gjennom digital innspeling (til dømes gjennom å bruke applikasjonen
Screencast-O-matic).
Tips
- Be elevane leggje musikk til den lyriske teksten.
- Be elevane øve på å framføre teksten framfor familien eller venar.
- Lag vurderingspunkt som både fangar opp forma på den munnlege framføringa og innhaldet.
- Utvid framføringa gjennom å be elevane grunngje dei ulike språklege, visuelle og musikalske vala dei har tatt undervegs i arbeidet.
Læreplan
Læringsopplegget er knytt til følgande kjerneelement i norskfaget
Relevante kompetansemål
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formålet, innhaldet, sjangertrekka og verkemidla i tekstane
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
- informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
- uttrykke seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
- lage samansette tekstar og grunngje val av uttrykksformer