Kreativ skriving

Skriving Utan Bakgrunn
Illustrasjon: Jorunn Hanto-Haugse

Ein kreativ tekst er ikkje ein teksttype eller sjanger, men ein skrivemåte og eit samleomgrep som femner om både forteljande, reflekterande og underhaldande tekstar. Den som skriv, skal vise kreativitet og originalitet, både når det gjeld innhald og form. I følgje læreplanen skal norskfaget gi elevane høve til å uttrykkje seg kreativt og skapande. Dei skal meistre etablerte språk- og sjangernormer, og dei skal kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på ulike måtar.

Kreativ skriving kan lærast, ein kan øve seg i å skrive kreative tekstar, og det gjer t.d. at elevane må leite etter nyansar i sitt eige språk. Det kan vere lettare om den kreative skrivinga har eit formål og ein mottakar. Når elevane skriv slike tekstar, skal dei også vise fram den norskfaglege kompetansen dei har.

Elevane skal arbeide med struktur, tekstbinding og forteljegrep, og dei skal bruke språklege og litterære verkemiddel. Elevane må også bli kjende med kva det vil seie å skrive ein kreativ tekst på eksamen, og kva vurderingskriterium som blir brukt.

Oppgåver og tips

Ein del elevar treng litt hjelp til å kome i gang med å skrive kreative oppgåver, og her finn dokker enkle oppgåver og tips til ulike måtar å starte ein skriveprosess på. Det kan vere lurt at elevane skriv ofte og kort, særleg i starten når ein skal lære seg nynorsk som sidemål. For hovudmålselevar og meir røynde sidemålsskrivarar kan dette vere oppgåver ein kan ta fram og bruke innimellom.

    Film om kreativ skriving

    I denne filmen møter vi forfattar og skrivekurslærar Marianne Clementine Haaheim som fortel om korleis ho sjølv og elevar kan arbeide med å skrive kreative tekstar: