Under eit tre i skogen

Kim Holm Tre
Illustrasjon: Kim Holm (CC BY 4.0)

Her er nokre skriveoppgåver som tar utgangspunkt i å bruke sansane sine. Det ein ser og høyrer, er lettare å skildre enn det ein luktar og smakar.

  • Be elevane setje seg godt til rette og avslappa på stolen sin. Be dei lukke auga og tenke seg at dei er aleine langt ute i skogen. Der set dei seg under eit tre. Kva høyrer dei når det tilsynelatande er heilt stille? Tenkeskriv i tre minutt.
  • Elevane skal tenke seg at dei sit på bussen, i baksetet på bilen eller på toget og kikkar ut. Dei snakkar ikkje med andre menneske. Kva legg dei merke til? Er det noko som hender ein stad? Skriv ein kort tekst om det dei ser.

  • Elevane skal tenke seg at dei er i eit mørkt rom og skal stikke hendene sine ned i ein kasse. Der kjenner dei noko dei ikkje heilt forstår kva er. Elevane skal skildre det dei kjenner utan å avsløre direkte kva gjenstand det er. Kva ord treng dei for å skildre ein gjenstand dei ikkje ser (storleik, form, tekstur)? Skriv ei skildring av gjenstanden og les teksten for ein medelev. Så kan hen gjette kva som er i kassen.

  • Lukt kan vere vanskeleg å skildre. Ofte må ein bruke samanlikningar («det luktar som …»).
    • Du kjem inn i eit rom (ei stove, eit klasserom, ein vaskekjellar, eit soverom) der det ikkje har vore nokon på lenge. Prøv å skildre korleis det luktar der.
    • Du er ute og går ein tur i regnvêr, og plutseleg har det slutta å regne og sola skin. Korleis luktar det då?
    • Ta med deg nokre gjenstandar som har ei karakteristisk lukt, inn i klasserommet, og la elevane lukte på t.d. ein sitron, ein blomster, ein tangvase, parfyme eller ein kveitebolle. Ein kan også gå ein tur i nærområdet og finne ting som luktar. Dokker kan gjerne samtale om kva som gjer at vi oppfattar at noko luktar godt og andre ting luktar vondt, og at mange assosierer lukter med ulike hendingar eller situasjonar. La elevane skrive ein kort tekst om kva dei assosierer med ei bestemt lukt.

  • Elevane tenker på ein matrett eller ei matvare som dei likar veldig godt. Deretter skal dei prøve om dei kan skildre korleis det smakar, og skrive litt om kvifor dei synest denne retten er så god. Elevane kan også skildre korleis dei et eller lagar denne matretten.