Digitale ressursar

Ingvild Kvadrat
Hugseliste for skular/kommunar

For at elevane skal få læremidla sine på nynorsk, er det mykje som skulane og/eller IT-avdelingane må hugse på når dei installerer program og appar. Her er ei lita hugseliste med hjelp og råd.

Windowsspraakval Ikon
Slik får du Windows på nynorsk

Slik kan du enkelt laste ned og installere den nynorske språkpakken for Windows.

Officespraakikon
Slik får du Office-pakken på nynorsk

Instruksjonar for korleis du får Office (Word, Excel, Powerpoint osb.) på nynorsk på Windows-maskiner.

Teams Ikon
Slik får du Teams på nynorsk

Her finn du enkle instruksjonar som fortel korleis du vel nynorsk som språk i Microsoft Teams.

I Padspraak
Slik set du nynorsk som føretrekt språk på iPad

Ved å setje nynorsk som føretrekt språk i operativsystemet får du nynorsk på dei nettsidene og programma som tilbyr det. Her kan du lese korleis du gjer det.

Skrible Logo
Skrible

Skrible er eit skriveverktøy som kombinerer språkteknologi og pedagogikk. Som lærar kan du på førehand definere kva verktøyet skal vurdere i kvar av elevtekstane. Både grensesnittet og stavekontrollen finst på både nynorsk og bokmål, og Skrible fungerer på alle plattformer.

Nynorsk Ovingsrom
Nynorsk øvingsrom

Nynorsk øvingsrom er eit interaktivt nynorskkurs frå Språkrådet. Ta kartleggingstesten, plukk øvingsoppgåver fritt eller skreddarsy di eiga øvingsrekkje.

Ordbok
Nynorskordboka

Nynorskordboka er ei oppdatert nynorsk nettordbok, med bruksdøme, opplysingar om tydingar og korte etymologiar.

I tillegg til nettutgåva finst ho som app for iOS og Android.