Slik får du Windows på nynorsk

Dersom du vil ha Windows på nynorsk (og vil unngå at stavekontrollen i Word hoppar over til bokmål heile tida), må du installera ein nynorsk grensesnittpakke og setja nynorsk som Windows-visingsspråk, standard appspråk og standard inndataspråk. Slik gjer du det:

  1. Gå til innstillingar (du finn dei ved å trykkja på startknappen og deretter det vesle tannhjulet).
  2. Vel «Klokkeslett og språk»
  3. Vel «Språk» i menyen til venstre
  4. Her kan du velja nynorsk som visingsspråk. Dersom nynorsk ikkje ligg inne som eit val i nedtrekksmenyen, kan du lett installera det ved å trykkja på «Legg til et Windows-visningsspråk i Microsoft Store» og leita opp «Norsk (nynorsk) lokal grensesnittpakke». Trykk på «Skaff deg» for å byrja installeringa.
  5. Sjå til at «Norsk (nynorsk)» ligg øvst på lista over føretrekte språk, og at det er sett som standard appspråk, standard inndataspråk og Windows-visingsspråk.

Slik skal det sjå ut til slutt:

Windowsspraakval