• Bibliotek

Bibliotek

Ulike folke- og skulebibliotek driv mykje god nynorskformidling, både i det daglege arbeidet og gjennom konkrete nynorsktiltak. På denne sida har vi samla tips og tiltak til hjelp og inspirasjon.

Bibliotekhefte omslag
Korleis formidle nynorsk i biblioteket? (PDF)

Eit hefte med tips og råd til bibliotektilsette. Heftet er utarbeidd av Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) og Noregs Mållag. Illustrasjonane er laga av Bjørn Rune Lie.

Bibliotekplakat
Bibliotekplakat (PDF)

Plakat som kan hengast på bibliotekkontoret.

  • Bursdagane til viktige nynorskforfattarar – og andre nynorskdatoar

    Januar 

    • 4. januar: Carl Frode Tiller (1970–)
    • 9. januar: Gunnhild Øyehaug (1975–)
    • 17. januar: Einar Økland (1940–)
    • 18. januar: Maria Parr (1981–)
    • 21. januar: Olav Aukrust (1883–1929)
    • 25. januar:  
      • Arne Garborg (1851–1924)
      • Gaute M. Sortland (1980–) 

    Februar 

    • 5. februar: Noregs Mållag stifta i 1906
    • 8. februar: Agnes Ravatn (1983–)
    • 19. februar: Kristofer Uppdal (1878–1961)
    • 21. februar: Den internasjonale morsmålsdagen 
    • 22. februar: Hulda Garborg (1862–1934) 

    Mars 

    • 10. mars: Edvard Hoem (1949–)
    • 24. mars: Det Norske Samlaget stifta i 1868 

    April 

    • 6. april:  
      • Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) 
      • Marit Eikemo (1971–) 
      • Per Sivle (1857–1904)
    • 15. april: Ragnar Hovland (1952–) 

    Mai 

    • 6.–12. mai: Nynorskveka
    • 12. mai: Nynorskdagen! Denne dagen i 1885 gjorde Stortinget jamstillingsvedtaket, som gjorde nynorsk og bokmål til jamstilte språk.
    • 14. mai: Tor Jonsson (1916–1951)
    • 24. mai: Rasmus Løland (1861–1907) 

    Juni 

    • 7. juni: Kjartan Fløgstad (1944–) 

    Juli  

    • 10. juli: Olav Nygard (1884–1924) 

    August 

    • 3. august: Tore Renberg (1972–)
    • 5. august: Ivar Aasen (1813–1896)
    • 14. august: Kari Stai (1974–)
    • 18. august: Olav H. Hauge (1908–1994)
    • 20. august: Tarjei Vesaas (1897–1970)
    • 25. august: Aslaug Vaa (1889–1965) 

    September 

    • 29. september: Jon Fosse (1959–) 

    Oktober 

    • 5. oktober: Gro Holm (1878–1949)
    • 6. oktober: Det Norske Teatret spelte den første framsyninga si i 1913 

    November 

    • 15. november: Brynjulf Jung Tjønn (1980–)
    • 18. november: Halldis Moren Vesaas (1907–1995)
    • 21. november: Olav Duun (1876–1939) 

    Desember 

    • 1. desember: Jakob Sande (1906–1967)
    • 6. desember: Marie Takvam (1926–2008)
    • 10. desember:  
      • Odd Nordstoga (1972–) 
      • Aasta Hansteen (1824–1908)
    • 11. desember: Frode Grytten (1960–)
    • 28. desember: Olaug Nilssen (1977–) 
  • Nyttige nettsider
    • Lesedigg.no er ei litteraturnettside for barn, med bokmeldingar, aktivitetar og intervju med forfattarar. På sida er det ein artig søkjefunksjon der barna sjølve kan finne fram kjekke bøker etter sidetal, vanskegrad, kor mange bilete det er i boka og kva boka handlar om.  Det er òg laga fleire lesedigg-klubbar – lesesirklar for barn – med utgangspunkt i nettsida. Sida er laga slik at ho enkelt kan integrerast på nettsidene til bibliotek og andre. Lesedigg presenterer både bokmåls- og nynorskbøker.
    • Nynorskbok.no er ei nettside for lærarar og andre der Nynorsksenteret presenterer bøker på nynorsk. Her finn du omtalar av nye barne- og ungdomsbøker på nynorsk, sorterte etter aldersgruppe. I tillegg kan du finne boklister, podkasten Bakom boka og undervisingopplegg til aktuelle bøker på nynorsk.
    • Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig nyhende- og debattavis for unge, som har som mål å styrkje nynorsken og bidra til å auke og få fram engasjementet til unge. 
      Her finn du nasjonale og internasjonale nyhende, kommentarar og anna nyttig innhald som handlar om framtida til unge.
    • Framtidajunior.no er ei redaksjonelt uavhengig avis for barn mellom 7 og 14 år, som har som mål å styrkje nynorsk og bidra til å auke og få fram engasjementet til barn og unge.
    • Nynorsk kultursentrum: Formidling til born og unge er ei side som samlar aktuelle formidlingstilbod frå Nynorsk kultursentrum.
    • Norsk Barneblad er eit blad for alle barn, gutar og jenter, mellom 7 og 14 år. I bladet finn du faktatekstar, forteljingar, teikneseriar – og ikkje minst vitsar. På barneblad.no finn du eit utval artiklar, lærarrettleiarar og undervisingsopplegg til mange av nummera. Opplegga er laga av Nynorsksenteret.
    • Vandreutstillingar frå Nynorsk kultursentrum. Nynorsk kultursentrum har fleire titals utstillingar til utlån til bibliotek og andre. Utstillingane handlar om alt frå barnebøker og julehefte til den nynorske songskatten og nynorskforfattarar som Olaug Nilssen og Edvard Hoem. Sjølve utstillingane er gratis å låne, men de må betale returfrakt.
    • Temaside: nynorsk. Store norske leksikon har laga ei temaside om nynorsk språk og kultur, der dei har samla artiklar om nynorskforfattarar, nynorskinstitusjonar og andre tema som er relevante for nynorsk.

Døme på bibliotekprosjekt

Hovudbilete skulebibliotekarane redigert av Arild

I 5. klasse ved Øystese skule er det så stille at ein høyrer boksidene bli snudde. Det er måndag morgon, det er fyrste time, og elevane sit fordjupa i kvar si bok. Nokre sit på golvet, dei fleste ved pultane, medan ein leseluring har funne seg til rette under kateteret. Felles for dei alle er at dei les i sjølvvalde nynorskbøker.

Kollasj med Tonje og Nattklubben siste versjon komprimert til nettside

Tonje Noréa Gauden er ein engasjert lærar og skulebibliotekar på Øystese skule og Kvam ungdomsskule. I denne teksten tipsar ho om korleis ein kan bruke bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus i formidlingsstunder for 1.–3. trinn.

Samarbeid bibliotek gruppebilete komprimert til nettside

Korleis kan ein stimulere barn og unge til å lese meir? I Sveio kommune samarbeider skular, skulebibliotek og folkebibliotek for å auke lesedugleiken hos elevane.

Dagsturhytta i Førde Gyttanett til nettside

I Vestland fylke har dagsturhytter med nynorske turbibliotek blitt populære samlingspunkt for både små og store.

IMG 1725 til nettside

Dei aller fleste bibliotek har ei bokkasse-ordning som barnehagar og skular kan nytte seg av. Med ei slik ordning kan elevane og barnehagebarna få tilgang til gode og interessante bøker der tema og målform er tilpassa barna.

Bibliotekbilete

Dersom ein har ei boksamling, eit rom, nokre hyller og eit samla kollegium som tenkjer at skulebibliotek er viktig, får ein gjort mykje med små midlar, skriv Liv Astrid Skåre Langnes.

Barnebokbad hovudbilete til nettside

Gjennom bokbad kan litteraturen opnast for både barn, ungdom og vaksne. Bokbad har strengt teke inga nedre eller øvre aldersgrense. Metoden er prøvd ut på barnehagebarn heilt ned i fireårsalder. Føresetnaden er at dei greier å følgje med på forteljingar og har eit språk dei kan snakke om dei med.

Det nye landet

I 2015–2016 samarbeidde Sunnfjord bibliotek med Raudekrossen og Norsksenteret i kommunen om prosjektet Mangfald i Nynorskens skog. Målet var at arbeidsinnvandrarar og flyktningar i kommunen skulle få dele livshistorier og kulturarv gjennom skapande skriving på nynorsk, og slik bidra til fleire tekstar for denne målgruppa på nynorsk.

Dritt er drit

I 2015 gjennomførte Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold prosjektet Dritt er drit, men greit er greitt, etter ein idé frå Fet bibliotek. Målet var å styrkje og systematisere formidlinga av nynorsk litteratur for niandeklassingar i Akershus ved å sende ut barne- og ungdomsbibliotekarar på turné i fylket.