• Bibliotek
  • Konkrete nynorsktiltak i biblioteket

Konkrete nynorsktiltak i biblioteket

Det er ulike språkpolitiske situasjonar i ulike delar av Noreg, men anten du er i ein bokmålskommune, eit språkblanda område eller ein nynorskkommune, treng nynorsken synleggjering og gode hjelparar. Det er du som kjenner lokalområdet ditt best. Bruk fantasien og det du veit om lånarane dine, for å tilpasse nynorskformidlinga.

Ta med nynorskbøker i utstillinga

Prøv å inkludere bøker på nynorsk kvar gong du lagar bokutstilling, sjølv om nynorsk ikkje er tema for utstillinga.

Ha «månadens nynorskbok»

Dette kan til dømes vere ei spalte i eit nyhendebrev eller på nett, eller ein eigen «nynorskplass» i bokutstillingar og bokstativ.  

Få nynorsk med i den digitale formidlinga

Mange bibliotek driv mykje med digital formidling, både på eigne nettsider og i nyhendebrev, sosiale medium og podkastar. Det er ekstra viktig å få med nynorskbøkene i slike kanalar, sidan biblioteka når andre og yngre målgrupper der.

Prioriter nynorsk

Særleg i nynorskområda og språkblanda område er det viktig at de prioriterer nynorsk. Skal nynorsk halde fram som eit språk lokalt, er det viktig at særleg barn og unge i nynorskområda blir eksponerte for nynorsk litteratur. Å passe på å ha nynorsk som eit av måla på lista når vi vel ut kva vi vil formidle, har mykje å seie. Det gjeld både kva forfattarar biblioteket sender på skulebesøk, men òg mindre tiltak som å få med nynorskbøker i lesesirklar eller lesetipskveldar. 

Feir nynorskforfattarar

Marker bursdagane til nynorske forfattarar som Ivar Aasen, Jon Fosse, Halldis Moren Vesaas og Hulda Garborg med kaker, bokutstilling og kviss om personen. 

  • Bursdagane til viktige nynorskforfattarar – og andre nynorskdatoar

    Januar 

    • 4. januar: Carl Frode Tiller (1970–)
    • 9. januar: Gunnhild Øyehaug (1975–)
    • 17. januar: Einar Økland (1940–)
    • 18. januar: Maria Parr (1981–)
    • 21. januar: Olav Aukrust (1883–1929)
    • 25. januar:  
      • Arne Garborg (1851–1924)
      • Gaute M. Sortland (1980–) 

    Februar 

    • 5. februar: Noregs Mållag stifta i 1906
    • 8. februar: Agnes Ravatn (1983–)
    • 19. februar: Kristofer Uppdal (1878–1961)
    • 21. februar: Den internasjonale morsmålsdagen 
    • 22. februar: Hulda Garborg (1862–1934) 

    Mars 

    • 10. mars: Edvard Hoem (1949–)
    • 24. mars: Det Norske Samlaget stifta i 1868 

    April 

    • 6. april:  
      • Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) 
      • Marit Eikemo (1971–) 
      • Per Sivle (1857–1904)
    • 15. april: Ragnar Hovland (1952–) 

    Mai 

    • 6.–12. mai: Nynorskveka
    • 12. mai: Nynorskdagen! Denne dagen i 1885 gjorde Stortinget jamstillingsvedtaket, som gjorde nynorsk og bokmål til jamstilte språk.
    • 14. mai: Tor Jonsson (1916–1951)
    • 24. mai: Rasmus Løland (1861–1907) 

    Juni 

    • 7. juni: Kjartan Fløgstad (1944–) 

    Juli  

    • 10. juli: Olav Nygard (1884–1924) 

    August 

    • 3. august: Tore Renberg (1972–)
    • 5. august: Ivar Aasen (1813–1896)
    • 14. august: Kari Stai (1974–)
    • 18. august: Olav H. Hauge (1908–1994)
    • 20. august: Tarjei Vesaas (1897–1970)
    • 25. august: Aslaug Vaa (1889–1965) 

    September 

    • 29. september: Jon Fosse (1959–) 

    Oktober 

    • 5. oktober: Gro Holm (1878–1949)
    • 6. oktober: Det Norske Teatret spelte den første framsyninga si i 1913 

    November 

    • 15. november: Brynjulf Jung Tjønn (1980–)
    • 18. november: Halldis Moren Vesaas (1907–1995)
    • 21. november: Olav Duun (1876–1939) 

    Desember 

    • 1. desember: Jakob Sande (1906–1967)
    • 6. desember: Marie Takvam (1926–2008)
    • 10. desember:  
      • Odd Nordstoga (1972–) 
      • Aasta Hansteen (1824–1908)
    • 11. desember: Frode Grytten (1960–)
    • 28. desember: Olaug Nilssen (1977–) 

Bestill utstillingar frå andre på og om nynorsk

Nasjonalbiblioteket lagar plakatutstillingar på både nynorsk og bokmål – bestill gjerne nynorskutgåva! Nynorsk kultursentrum lagar vandreutstillingar på nynorsk, og gjerne om nynorskskrivande forfattarar og språklege tema. 

Lag eit nynorsk tøyveskebibliotek 

Mange bibliotek lagar tøyveskebibliotek med biletbøker til barnehagane i kommunen. Kva med å lage tøyveskebibliotek med berre nynorskbøker? Språkprofessor Eli Bjørhusdal dreg i forskinga si fram at høgtlesing er skriftspråkleg eksponering og dermed stimulering for bokmål eller nynorsk. Barnehagebarn som seinare skal lære å lese og skrive på nynorsk, treng derfor å bli lesne for på nynorsk. 

Nynorsktiltak som Tid for ti: Lag utstillingar eller arrangement

Stiftelsen LESE arrangerer kvart år leseaksjonen Tid for ti for 7. og 8. trinn. Dei lagar ein antologi med utdrag av nyare nynorsk litteratur for målgruppa, og Nynorsksenteret lagar undervisningsopplegg knytte til tekstane. Fleire fylke har no òg laga eit hefte kalla 100 bøker før du er 6 år. Promoter dei nynorske bøkene som er ein del av desse tiltaka, eller lag eigne nynorske lesetips for ulike aldersgrupper.

Kassering: La nynorskbøkene leve litt lenger 

Kassering av bøker må til om det skal bli plass til nye bøker i biblioteket. Sidan det kjem ut færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, særleg innanfor sakprosa, kan det likevel vere ein idé å la nynorskbøkene leve litt lenger enn utlånet skulle tilseie, for å ha fleire i samlinga. Lokale bibliotek kan dessutan ta eit særleg ansvar for lokale forfattarar. Kva med å la nynorskbøkene leve eit år ekstra, eller å ha ei «siste sjanse»-hylle? Sjølv om det ikkje er bra om det blir for mange gamle nynorskbøker, kan eit slikt tiltak vere eitt av fleire grep for å få fleire nynorskbøker i samlinga.

Legg til rette for høgtlesing på nynorsk

Pass på å få med nynorske bøker når det er høgtlesing på biblioteket, både for barn og unge og på vaksenarrangement som «strikk og lytt».

Tilby nynorske «read alikes» og lesarsørvis

Lesarsørvis («Readers’ Advisory») er ein rettleiingsmetode for å identifisere kva ein lesar liker ved ei bok, og truleg derfor vil like ved ei anna bok. Dei siste åra har lesarsørvis fått ein velfortent plass i norske bibliotek. Eit sentralt omgrep er «read alikes», altså bøker med liknande appellformer (til dømes karakterar, tempo eller bakgrunnsramme). Kva med å lage lister eller hefte med nynorske «read alikes» til populære titlar? 

Oppdater klasse- og lesesirkelsetta

Viss de har klassesett eller lesesirkelsett, er det viktig å oppdatere dei. Hugs på den nye nynorske litteraturen. Vesaas er viktig, men ikkje gløym Parr, Renberg, Ravatn, Fosse og andre forfattarar i dag. Depotbiblioteket til Nasjonalbiblioteket har slike sett til utlån, og på nynorskbok.no finn du eit oversyn over kva nynorske klassesett du kan tinge derifrå. 

Forbrukarmakta: Korleis kan de bidra til meir nynorsklitteratur?

Det kjem ut færre nynorskbøker enn bokmålsbøker. Det kan ikkje biblioteka endre åleine – men de kan bidra positivt. Følg med på kva som kjem ut på nynorsk, kjøp inn gode nynorskbøker og sei frå til forlaga kva slags bøker de saknar på nynorsk.  

Usikker på kvar du kan følgje med på nye nynorskbøker? Her er tre tips:  

  • nettsida og nyheitsbreva til forlag som Samlaget og Skald
  • Nynorsksenteret si side nynorskbok.no
  • bokmeldingar på framtida.no og framtidajunior.no

Skriv nynorsk og gjer nynorsk skriftspråk synleg

Særleg i nynorskområda og språkdelte område kan biblioteka bidra med å ha mest mogleg av skilt, oppslag og andre tekstar på nynorsk. Men òg i bokmålsområde kan det vere ein idé å bidra til at nynorsk blir meir synleg. Meir synleg nynorsk er viktig for å vise at nynorsk er eit levande bruksspråk.

Ikkje ver redd for skrivefeil – hugs at det finst hjelp

  • Ordbøkene.no er venen din. 
  • Når du skriv nynorsk, blir du betre i nynorsk. 
  • Det går an å bruke maskinell omsetjing av tekst til nynorsk, til dømes Apertium.org. Hugs å lese over – språkteknologien er god på nynorsk, men menneskeleg intelligens er best!

La deg inspirere av nynorske turbibliotek

Biblioteka på Søre Sunnmøre samarbeidde med Nynorsk kultursentrum om turbibliotek: fine postkasser fulle med nynorskbøker, sette opp ved familievenlege turmål i dei ulike kommunane. To fluger i ein smekk: folkehelse og nynorskformidling! 

Elevbokbad med nyare og eldre nynorskbøker

Bokbad er ein god måte å la barn og unge møte litteratur på, som har blitt mykje brukt dei siste åra. Her les elevar bøker, lagar spørsmål til forfattaren og intervjuar han når han kjem på besøk. På Skeisvang videregående skole i Haugesund har skulebiblioteket og lærarane tilpassa dette opplegget til eldre elevar. Dei har testa ut å la elevane lese nyare og eldre nynorsklitteratur og intervjue forfattarane om bøkene. Til dømes har skulen hatt to besøk av Tore Renberg: den eine gongen for å intervjue han om hans eiga bok Tollak til Ingeborg, og den andre gongen for å intervjue han om både den boka og Tarjei Vesaas si bok Fuglane. 

Marker nynorskveka 6.–12. mai

12. mai 1885 gjorde Stortinget jamstillingsvedtaket, som gjer at nynorsk og bokmål er jamstilte språk i dag. Dei siste åra har derfor mange feira nynorsk språk og skriftkultur med nynorskdagen 12. mai og hatt ei nynorskveke i veka fram til sjølve dagen. Eitt mål har vore at fleire enn dei som vanlegvis skriv nynorsk, skal prøve seg på språket den veka. Skriv biblioteket ditt aldri på nynorsk elles? Då kan de ha oppslag på biblioteket og innlegg i sosiale medium på nynorsk i nynorskveka. Vil de ha ei lita markering? Lag ei bokutstilling med nynorskbøker og kakeservering. Kanskje de kan få ein nynorskforfattar på besøk, ha ein nynorsk-kviss eller finne ein føredragshaldar som kan snakke om nynorsk kulturhistorie? Berre fantasien set grenser!

PS: Noregs Mållag sender ballongar og klistremerke om du sender e-post til nm@nm.no!

Ha ei årleg nynorskmarkering

I Alver kommune har dei Nynorskdagane ei veke i året, som ein lokal kulturfestival med vekt på nynorsk. Andre stadar har dei mindre markeringar – til dømes ei årleg utstilling av nynorskbøker på biblioteket eller eit arrangement saman med det lokale mållaget.  

Samarbeid med lokale organisasjonar

Er det pengane som stoppar dykk? Ikkje så sjeldan har frivillige organisasjonar tilgang til andre støtteordningar enn kommunane, og nokre av dei har jamvel litt pengar på bok. Og har dei ikkje det, har dei i alle fall fleire hender og gode idear!

Samarbeid i praksis: mållag og bibliotek

Nynorskorganisasjonar som Noregs Mållag og Norsk Målungdom har lokallag over heile landet – òg på plassar der ingen skulle tru at nokon brann for nynorsken. Kanskje kan dei hjelpe biblioteket med å få til kjekke arrangement eller andre tiltak om nynorsk litteratur?  

  • Bokutstillingar og arrangement: Varanger mållag og Vadsø bibliotek har samarbeidd om bokutstillingar og arrangement som stadnamnkveldar og Nordnorsk, nynorsk og nye stemmer.
  • Arrangementsrekkje: Hadeland dialekt- og mållag har samarbeidd med lokale bibliotek og organisasjonar som Hadeland Litteraturforum om ei årleg arrangementsrekkje der nynorsk litteratur har ein sjølvsagd plass.
  • Høgtlesing på biblioteket: Hareid mållag og Hareid folkebibliotek har hatt høgtlesing kvar laurdag kl. 12. Dei utfordrar frivillige til å bidra som lesarar og har fått med seg alt frå ordføraren og politistasjonssjefen til vanlege foreldre og besteforeldre.
  • Bokkasser til barnehagar: I samarbeid med Ulstein bibliotek har Ulstein mållag kjøpt inn og sett saman åtte bokkasser med til saman kring hundre nynorske biletbøker. Biblioteket rullerer bokkassene mellom barnehagane i kommunen.
  • Markering av nynorskdagen: Gloppen Mållag, Firda Målungdom og Gloppen kommune har gått i lag om å markere nynorskdagen 12. mai med flaggheising, appellar og allsong.
  • Høgtlesing i barnehagar: Vinje folkebibliotek har samarbeidd med Vinje mållag og folkeakademiet i kommunen om høgtlesing av nynorske biletbøker i barnehagane fleire gonger i månaden. Det er frivillige som reiser rundt og les høgt for barna.