• Blogg
  • Døropnar til litteraturen

Døropnar til litteraturen

19.04.2021

Barnebokbad hovudbilete til nettside

Forfattar A. Audhild Solberg deltok på eit barnebokbad i Nittedal i oktober 2019. (Foto: Viken fylkeskommune)

Gjennom bokbad kan litteraturen opnast for både barn, ungdom og vaksne.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

Bokbad har strengt teke inga nedre eller øvre aldersgrense. Metoden er prøvd ut på barnehagebarn heilt ned i fireårsalder. Føresetnaden er at dei greier å følgje med på forteljingar og har eit språk dei kan snakke om dei med.

– Valet av bok og korleis ein ordlegg seg, er avgjerande for resultatet, forklarer Vilde Kamfjord.

I mange år har ho jobba som produsent for litteratur i Den kulturelle skulesekken (DKS). Ho har utvikla fleire metodar for litteraturformidling, mellom anna Barnebokbad.

– Det er viktig å presisere at metoden kan fungere svært godt for eldre elevar også, men då bør ein nok bruke eit anna namn som til dømes elevbokbad. Eg trur at litteraturen kan gjere så mykje for så mange. Gjennom litteraturen kan ein få snakke om ting utan at det handlar om seg sjølv. Barn og unge er heldigvis glade i bøker som «berre» handlar om livet også, seier Kamfjord.

Kamfjord Vilde til nettside
Vilde Kamfjord har i mange år jobba som produsent for litteratur i Den kulturelle skulesekken (DKS). (Foto: Julie Pike)

Om metoden

«Barnebokbad» er heilt enkelt eit forfattarmøte der barn eller ungdom intervjuar ein forfattar med spørsmål, ofte tekstorienterte, som dei har laga sjølve. Sjølve metoden er alt som skjer i forkant av dette intervjuet. Det byrjar med at ein vaksen les boka høgt til alle elevane for å sikre at alle har eit felles utgangspunkt før dei, gjennom tre samtalar, diskuterer teksten frå tre ulike perspektiv. Undervegs lagar dei spørsmål. Det er desse tre samtalene som er metoden bak.

– Målet med metoden er å gje barn og unge gode opplevingar med litteratur, uavhengig av leseferdigheiter. I tillegg ønskjer vi å opne for meiningsfulle samtalar om litteratur, seier Kamfjord.

Sjølve bokbadet kan gå føre seg anten i klasserommet med forfattaren til stades eller frå ei scene med publikum i salen. Felles høgtlesing sikrar at alle i publikum har høyrt boka dei skal snakke om. På den måten vert samtalen relevant for publikum, også dei som eventuelt ikkje har vore gjennom arbeidet med metoden.

– Det er ikkje storleiken på arrangementet eller alderen på deltakarane som er viktig, men kvaliteten på samtalen og prosessen som har gått føre seg i forkant, seier ho.

Vilde Kamfjord meiner Fagfornyinga har kome som ei gåve med moglegheit for fordjuping.

– Når lærarar har vore på kurs, seier dei ofte at metoden òg kan vere aktuell i arbeid med fleire fag. Han kan også brukast som førebuing når elevar får forfattarbesøk gjennom Den kulturelle skulesekken, seier ho.

Solberg audhild til nettside
Forfattar A. Audhild Solberg har delteke på fleire barnebokbad. (Foto: AKAM1K3)

– Utruleg givande

Forfattar A. Audhild Solberg har delteke på fleire barnebokbad saman med elevar på mellomtrinnet.

– Det som er fint med barnebokbad, er at alle elevane har lese boka, og at dei stiller andre typar spørsmål om tekstinnhaldet enn ved andre forfattarbesøk, seier Solberg.

Elevane kan til dømes stille spørsmål om kvifor personar i boka handlar som dei gjer. Det set i gang ein tankeprosess hos både forfattar og lesarar.

Solberg meiner likevel at det viktigaste arbeidet går føre seg i klasserommet før sjølve bokbadet med forfattaren.

– Eg trur elevane får den største gevinsten då. Det er der dei legg ned arbeidet, og så er sjølve bokbadet meir som ein premie på slutten av prosjektet, seier ho.

Frå klasserom til nettside
I klasserommet lagar elevane spørsmål til forfattaren før sjølve bokbadet . (Illustrasjonsfoto: Vilde Kamfjord)

Det går gjerne føre seg på eit bibliotek eller i ein aula. Arrangørane har laga koselege omgivnader med stolar, bord og teppe for å skape god stemning.

Før barnebokbadet byrjar, møter Solberg alltid dei elevane som skal intervjue henne. Ofte et dei lunsj saman, slik at dei kan bli litt kjende. Sjølv om barna har førebudd seg svært godt, er det ikkje unormalt at dei blir litt nervøse på scena.

– Eg trur nesten alle ungar vert litt nervøse når sjølve bokbadet byrjar. Som forfattar kan utfordringa vere å prøve å halde samtalen i gang på scena, passe på at barna som intervjuar skal føle seg trygge, og samstundes ha kontakt med publikum i salen. Men når ein får det til, er det utruleg givande, fortel Solberg.

Meir informasjon

Fleire lærarar, formidlarar og bibliotekarar har delteke på dagsseminar for å lære seg korleis ein kan gjennomføre bokbad. Dersom du ønskjer å vite meir om metoden, kan du lese her eller ta kontakt med Vilde Kamfjord.

Du kan også ta kontakt med fylkesbiblioteket eller Den kulturelle skulesekken (DKS) i fylket ditt. Det kan hende det allereie finst samtaleleiarar i området der du bur. Fylkesbiblioteka har oversikt over om det har vore arrangert kurs og eventuelt kva for bibliotek/skular som har vore med.

Kjøllefjord skole i Finnmark har gjennomført bokbad for både barn og ungdom. Les meir om erfaringane deira her.

Sofagruppe til nettside