• Blogg
  • Nynorsk på utlånstoppen

Nynorsk på utlånstoppen

18.07.2025

Jenter som les beskjært og komprimert til nettside

På Fjell ungdomsskule i Øygarden kommune har rundt 70 prosent av elevane bokmål som hovudmål. Likevel toppar fleire nynorskbøker utlånsstatistikken ved skulebiblioteket, eit resultat av målretta arbeid og god tilrettelegging. 

Tekst og foto: Jorid Saure

– Det er ekstra kjekt å sjå at både første-, andre-, femte- og niandeplassen på topplista er nynorskbøker, seier skulebibliotekansvarleg Toril Aune Børmo. 

Ho meiner dette ikkje handlar om språkform, men om at bøkene faktisk når elevane der dei er. 

– Elevane vil ha grøss, spenning, fotball og grafiske romanar. Dei vil ha lettlesne bøker med historier som endar godt. Forfattarane må forstå det.  
 
Toril peiker på at mange av dagens ungdommar har lågare lesekompetanse enn tidlegare, og at det er heilt avgjerande å tilpasse bøkene til nivået dei er på. 

– Viss vi skal behalde dei som lesarar, må dei få ei god lesaroppleving tidleg. Då kan vi etter kvart løfte dei til meir avanserte tekstar. Mange av bøkene på topplista kunne like gjerne stått på topplista på barneskulen, meiner ho og legg til at skiljet mellom barneskule- og ungdomsskulelitteratur er i ferd med å bli viska ut. 

Toril fargejustert beskjært og komprimert til nettside
Toril Aune Børmo er skulebibliotekansvarleg ved Fjell ungdomsskule i Øygarden.

Elevstyrt val er nøkkelen

Å la elevane velje sjølve er ein viktig del av lesestrategien ved Fjell ungdomsskule. 
 
 – Vi har stilt alle bøker med framsida ut i hyllene, slik at elevane vert lokka av omslaget. Å få velje sjølv er nøkkelen til lesemotivasjon, seier Børmo.  

Heile skulebiblioteket er fornya med bøker som speglar interessa til dagens ungdom, uavhengig av hovudmål. 

– Elevane må kunne kjenne seg att i litteraturen, særleg viss dei er uerfarne lesarar. Vi må møte dei der dei er, og det gjer vi no, med gode resultat, også for nynorsken. 

Etterlyser fleire «booktok»-bøker på nynorsk

 – Sjølv om vi har eit ganske breitt utval av nynorsk litteratur, finst det færre bøker i enkelte sjangrar, spesielt dei som uerfarne eller svake lesarar ofte føretrekkjer. Det gjer det vanskelegare å treffe alle lesartypar, og det er ei av dei største utfordringane vi står i akkurat no. Det trengst fleire lettlesne, spennande bøker på nynorsk, særleg i sjangeren som gjerne blir kalla booktok, seier Børmo. 

Ho siktar til bøker med kvinnelege hovudpersonar som er smarte og dyktige, gjerne med eit romantisk plot og ei handling som fangar raskt. Nokre av dei har òg meir eksplisitte scener, men felles for dei er at dei er lettlesne og populære blant ungdom. Også grøss, fotball og humor er sikre vinnarar, spesielt grøss og gru-bøkene, som har høg gjennomstrøyming på biblioteket.  

– Dette er den mest utlånte sjangeren hos oss. Det er desse bøkene elevane plukkar først, og dei er nesten alltid ute av hyllene, seier ho.  
 
– Vi har kjøpt inn mange, men dei blir lånte heile tida. Det seier noko om kva som treffer. 

Språkforma ser ikkje ut til å vere noko hinder. 

– Eg får aldri høyre at det er eit problem at boka er på nynorsk, så lenge språket grip dei og historia er god, seier Børmo.  

Lystlesing på nynorsk kan byggje ned fordommar mot språket

Synnøve M Sætre 49 komprimert til nettside
Synnøve Marie Sætre (Foto: Kristianne Marøy)

Mange ungdommar møter nynorsk først og fremst som eit sidemål på skulen. Men kva skjer når dei får lese grøss, fantasy og fotballbøker på nynorsk?  

– Då byggjer vi ned fordommar og styrkjer språket som bruksspråk, seier Synnøve Marie Sætre, leiar ved Nynorsksenteret. Ho trur det er avgjerande å gi ungdom gode møte med nynorsk, slik at dei meistrar språket, anten dei har det som hovudmål eller som sidemål. 

Sætre er einig i at det trengst eit breiare sjangerutval for nynorsk ungdomslitteratur. Særleg er det behov for meir omsett litteratur, som dei populære «booktok»-bøkene ungdom deler på sosiale medium. Ho understrekar òg at serielitteratur, lettlesne bøker og meir sakprosa er viktig for å fange elevar som ikkje er vane med å lese. 

– For å få til dette må vi ha innkjøpsordningar som stimulerer forlaga til å satse på slike bøker, seier ho.   
 
Økonomien i skulebiblioteka må òg styrkjast, slik at dei kan tilby eit variert og aktuelt utval. 

– Vi veit at det blir gitt ut færre bøker på nynorsk enn på bokmål, men samstundes er nynorsklitteraturen ofte overrepresentert i prisar og utmerkingar. Det viser at kvaliteten er høg. Med fleire lettlesne bøker kan vi gi ungdom gode erfaringar med språket og gjere nynorsk til ein naturleg del av kvardagen, avsluttar Sætre. 

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.