Juletips
24.11.2025
Sidan det snart er jul, har me samla eit utval tips om nynorske bøker, songar og teikneseriar som handlar om jula.
Illustrasjon: David Revoy (CC BY 4.0)
God dag, herr Jul: Litterær kalender for barneskulen
God dag, herr Jul er ei bok med 24 kapittel. Kvar dag gjennom heile desember kan du lese eit nytt kapittel frå boka for elevane. Nynorsksenteret har laga eit undervisingsopplegg med oppgåver, aktivitetar og samtalepunkt til alle kapitla.
Desembergåva
Desembergåva er ein litterær julekalender for ungdomstrinnet, skriven for Nynorsksenteret av forfattaren Linn T. Sunne. Forteljinga er delt inn i 12 kapittel, og hovudstemmene i teksten er tenåringane Dennis og Helin.
Julesongar på nynorsk
Juleteikneseriar på nett
Julemagi
Ein firesiders juleteikneserie av David Revoy.
Pepar & Gulrot: Samhaldstreet
Juleepisode av teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy.
Futen
Teikneserien Futen av Øystein Runde og Knut André Solberg handlar om Mikael Braut, som er fut for Christiania futekontor. I denne juleepisoden møter han colanissen.
Fargefjes
På teikneseriesidene våre ligg det ti episodar med serien Fargefjes av Ola Lysgaard. Den siste av episodane er ein juleserie om nissemasker og kva ein skal tru på her i livet.
Pepar & Gulrot julespesial
Ordlaus juleepisode av teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy.
Adventsforteljingar
Bøker og forteljingar med eitt kapittel for kvar dag fram til jul.
Bøker om jul
Juletekstar på nett