• Blogg
  • Bokkalender i desember for barnehagar og barneskular

Bokkalender i desember for barnehagar og barneskular

13.11.2026

Jon og den lange julenatta framside komprimert RGB

Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Boka Jon og den lange julenatta, av forfattar Hilde Myklebust og illustratør Inger Lise Belsvik, er årets kalender. Ho eignar seg godt til høgtlesing i barnehagar, barneskular og heimar. Boka vert tilgjengeleg slik at du kan vise fram dei nydelege illustrasjonane medan du les. 

Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta! Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra, som snart skal bli mor. Dette er ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. 

Boka Jon og den lange julenatta vert tilgjengeleg frå onsdag 25. november 2026 til måndag 4. januar 2027 på nettsidene til Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum. 

I klasserommet kan du vise illustrasjonane på storskjerm medan du les. 

Vi har også laga PDF-ar som er fine å ta i bruk i barnehagen. Då kan du lese teksten på den eine sida, medan barna får sjå illustrasjonen på den andre sida. 

Møter de ord i teksten som er ukjende, er dette eit godt høve til å snakke om dei, i staden for å hoppe over dei. 

Dersom barna har høyrt delar eller heile boka i barnehagen eller på skulen i adventstida, kan det vere fint å lese ho saman i juleferien.

Årets kalender er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og våre venner i Nynorsk kultursentrum. 

Vi har laga fine aktivitetar som de kan gjere saman:

  • Oppgåve om dyr
  • Fargelegg følet Tyra
  • Lag din eigen bokskog
  • Aktivitetar til luciadagen
  • Lag ei lyslykt
  • Du finn også lese- og lyttetips

Her finn du aktivitetane:

Jon Belsvik
Jon og den lange julenatta

Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum har i år gleda av å ha boka Jon og den lange julenatta som julekalender. Boka er skriven av Hilde Myklebust og illustrert av Inger Lise Belsvik.