Hev kompetansen saman med Nynorsksenteret
08.11.2026
Tilsette ved Nynorsksenteret fotografert i juni 2026. (Foto: Steinarr Sommerset, Høgskulen i Volda)
Ønsker de å samarbeide med Nynorsksenteret for å heve kompetansen til tilsette i barnehagar og skular? Det kan vere alt ifrå planleggingsdagar til større TKK-samarbeid. Les meir om kva vi kan tilby, og kva erfaringar ulike kommunar har gjort seg.
– Nynorsksenteret har vore ryddige, effektive og kommunisert godt gjennom heile prosessen frå planlegging, til gjennomføring og evaluering i etterkant. Dei har vore lydhøyre for våre tankar og har bidrege med viktig kunnskap og gode idear undervegs, seier Ingrid Steine Bortne som er programleiar for barnehage- og skuleutvikling i Sognaregionen.
Seks kommunar i Indre Sogn valde lesing som hovudsatsing.
– Me ønskte å knyte oss til eit nasjonalt kompetansemiljø som kunne bidra med kompetanseheving, relevant forsking, og både teoretiske og praktiske innfallsvinklar til tematikken, seier ho.
Du kan lese heile intervjuet med Ingrid Steine Bortne lenger nede på sida.
Overordna kommunale satsingar:
Utvikling av felles språkplan eller leseplan:
Mange kommunar ønsker å styrke lese- og skriveopplæringa gjennom eit felles kompetanseløft og utvikling av ein meir felles praksis. For mange kommunar er det aktuelt å utvikle eller revidere ein språkplan som kan systematisere opplæringa og tilnærminga til arbeid med språk, lesing og skriving frå barnehage til ungdomstrinn. Nynorsksenteret har samarbeidd med fleire kommunar om utvikling av språk- eller leseplan, samt tilnærmingar til å styrke lese- og skriveopplæringa.
Barnehage:
Barnehagen sitt arbeid med språkstimulering inneber også at personalet har eit medvit rundt skriftspråket. Barn får erfaringar i barnehagen om språk og skrift gjennom til dømes høgtlesing, songar, rim og regler, skriving og teikning. Nynorsksenteret kan bidra i utviklingsarbeid om språkarbeid og leselyst i barnehagen. Her er døme på moglege tema:
- Høgtlesing i barnehagen
- Korleis utvikle lesepraksisen i barnehagen
- Frå bok til leik
- Språkstimulering i barnehagen
- Bli kjend med nynorsk litteratur (1 til 6 år)
- Skriftspråkstimulering på barnehagen sine premissar
- Skriftspråkstimulering og samanheng mellom barnehage og barneskule
Barneskule:
1.–4. trinn
Nynorsksenteret kan bidra i utviklingsarbeid om lesing, skriving og språkarbeid på 1.–4. trinn. Vi tek utgangspunkt i kva skulen ønskjer å bli betre på, og arbeider fram problemstilling og innhald i utviklingsarbeidet saman. Moglege tema eller inngangar kan vere:
- Lesing og skriving i begynnaropplæringa. Kva treng nynorskelevar særleg støtte i?
- Rettleidd lesing / intensiv lesetrening
- Korleis skape ein lesekultur?
- Bøker som utgangspunkt for leik og tverrfagleg arbeid i begynnaropplæringa
- Utvikling av skulebibliotek eller biblioteksamarbeid
- Bli kjend med nynorsk litteratur (6 til 9 år)
5.–7. trinn
Nynorsksenteret kan bidra i utviklingsarbeid om lesing, skriving og språkarbeid på 5.–7. trinn. Vi tek utgangspunkt i kva skulen ønskjer å bli betre på, og arbeider fram problemstilling og innhald i utviklingsarbeidet saman. Vi deltek i utviklingsarbeid i nynorskkommunar, men samarbeider også med bokmålskommunar eller bokmålsskular som ønskjer støtte i nynorskopplæringa.
Moglege tema eller inngangar kan vere:
- Lesing og skriving på nynorsk
- Korleis skape ein lesekultur?
- Utvikling av skulebibliotek eller biblioteksamarbeid
- Språkleg tryggleik og språkleg identitet
- Nynorsk i alle fag
- Bli kjend med nynorsk litteratur (9 til12 år)
Ungdomsskule:
Nynorsksenteret kan bidra i utviklingsarbeid om lesing, skriving og språkarbeid på 8.–10. trinn. Vi tek utgangspunkt i kva skulen ønskjer å bli betre på, og arbeider fram problemstilling og innhald i utviklingsarbeidet saman. Moglege tema eller inngangar kan vere:
- Ei språkmedviten opplæring: lesing og skriving på nynorsk
- Korleis skape gode vilkår for nynorskelevane i skulen?
- Kva er god opplæring i nynorsk som sidemål?
- Korleis skape ein lesekultur?
- Utvikling av skulebibliotek eller biblioteksamarbeid
- Bli kjend med nynorsk ungdomslitteratur
Kontaktperson:
Vil du høyre meir om kva Nynorsksenteret kan tilby?
Ta kontakt med senterleiar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
E-post: liv.kristin@nynorsksenteret.no
Telefon: 70 07 54 27
Samarbeid mellom Sognaregionen og Nynorsksenteret
Ingrid Steine Bortne er programleiar for barnehage- og skuleutvikling i Sognaregionen.
Kva ønskte de å få ut av samarbeidet med Nynorsksenteret?
Sognaregionen med våre seks kommunar i Indre Sogn valde lesing som hovudsatsing dei komande åra frå sommaren 2026. Me ønskte å knyte oss til eit nasjonalt kompetansemiljø som kunne bidra med kompetanseheving, relevant forsking, og både teoretiske og praktiske innfallsvinklar til tematikken. Primært ønskte me bistand frå Nynorsksenteret til å arrangere to regionale planleggingsdagar – «Tid for lesing» – i august og november 2026 for om lag 400 lærarar og skuleleiarar.
Korleis var det å samarbeide med Nynorsksenteret?
Frå første stund har Nynorsksenteret vore ein god samarbeidspart. Saman med lesegruppa i vår største kommune og Sognaregionen har me gjennom effektive digitale møte planlagt, drøfta og vurdert innhaldet i dei to planleggingsdagane. Nynorsksenteret har vore ryddige, effektive og kommunisert godt gjennom heile prosessen frå planlegging til gjennomføring og evaluering i etterkant. Dei har vore lydhøyre for våre tankar og har bidrege med viktig kunnskap og gode idear undervegs. Det var viktig for oss at det vart ein raud tråd mellom planleggingsdagane der skulane skulle jobbe med mellomliggande arbeid for å få best mogeleg utbytte av kompetansehevinga. Det har vore enkelt å samarbeide, og me har heile tida kjent oss trygge på at me får tilgang til god og oppdatert kompetanse. Dei har vore ansvarsfulle og pliktoppfyllande og sørgt for ein god samanheng gjennom hausten.
Kva sit de igjen med etter samarbeidet?
Responsen frå lærarar og skuleleiararar har vore svært god. Me i arrangørgruppa har vore svært nøgde med både prosess og resultat frå Nynorsksenteret. Me kan varmt anbefale eit samarbeid med Nynorsksenteret!