Ti gode grunnar til å bli med på Tid for ti
25.11.2025
Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Aksjonen startar i januar 2026, og det er gratis å delta. Påmeldingsfristen er 10. desember 2025.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
1. Ti nye tekstutdrag på nynorsk
Leseaksjonen inneheld ti tekstutdrag frå nynorske bøker som har kome ut i 2025. Samtidslitteratur bidreg til at elevane møter levande, moderne språk og aktuelle tema.
2. Tekstar i ulike sjangrar
Elevane finn eit mangfald av sjangrar og tema i utdraga. Her kan dei lese utdrag frå romanar, dikt, sakprosa og teikneseriar. Elevane finn humor, drama og spenning.
3. Kvifor skal elevane lese nynorske bøker?
Eit av måla med leseaksjonen er å gje elevane positive møte med nynorske tekstar. Det finst mange gode bøker på nynorsk for barn og ungdom. Vi håper tekstane kan inspirere elevane til å lese meir. Leseaksjonen passar godt både for elevar som har nynorsk som sidemål, og elevar som har nynorsk som hovudmål. Elevar som skal bli trygge i nynorsk, treng å lese mykje på nynorsk.
4. Antologi på papir
Dersom du melder på klassen, får du klassesett med antologiar på papir. Antologien er i eit hendig format i fargar, noko som gjer han ekstra innbydande for elevane. Antologien inneheld også notatsider som elevane kan skrive på. Gratis papirbøker gjev eit fint avbrekk frå skjerm og kan skape ein meir samla lesesituasjon for elevane.
5. Lydfiler til alle tekstane
Vi har spelt inn lydfiler til alle dei ti tekstane, slik at elevane kan lytte til utdraga. Å lytte kan gjere det lettare å følgje med, forstå og få flyt i lesinga.
6. Undervisningsopplegg til alle tekstane
Vi har laga undervisningsopplegg til alle tekstane med varierte, lærerike og artige oppgåver som skal skape leselyst og gje elevane ulike inngangar til tekstane. Til kvar tekst finn du ein presentasjon som gjev eit felles utgangspunkt under arbeidet, og som gjer opplegga enkle å ta i bruk i klasserommet. Du finn dei på nettsida tidforti.no frå januar 2026. Du finn døme på tidlegare opplegg her.
På nettsida finn du også lærarrettleiing.
7. Konkurranse
Tid for ti og framtidajunior.no har laga ein skrivekonkurranse som elevane kan delta på. Her kan dei vinne fine premiar. Fristen for å levere inn bidrag er 10. mars 2026.
8. Nettsida tidforti.no
På nettsida tidforti.no vil du frå januar til juni 2026 finne alle tekstutdraga, lydfiler, aktivitetar, undervisningsopplegg og skriveoppgåver til konkurransen.
9. Bonusmateriell til alle tekstane
Til kvar bok har vi dessutan laga ei lenkesamling som fortel meir om boka og forfattaren, og tips til fleire bøker å lese.
10. Det er gratis å delta
Det er heilt gratis å delta på leseaksjonen Tid for ti. Gjennom å delta på leseaksjonen kan du gje elevane dine gode opplevingar med litteratur, og du kan inspirere dei til å lese meir.
Tid for ti er eit samarbeid mellom Stiftelsen LESE, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Aksjonen mottek støtte frå Utdanningsdirektoratet.
Vi oppmodar alle som har elevar på 7. eller 8. trinn, om å melde seg på innan fristen 10. desember 2025. Meld klassen på her.