Jon og den lange julenatta

Jon Belsvik
Illustrasjon av Inger Lise Belsvik frå boka Jon og den lange julenatta.

Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum har i år gleda av å ha boka Jon og den lange julenatta som julekalender. Boka er skriven av Hilde Myklebust og illustrert av Inger Lise Belsvik.

Når det nærmar seg desember, kjem boka til å verte tilgjengeleg til lesing her på nettsida.

Opplegg og aktivitetar

Bokskog ikon

Alle som er glade i bøker, skulle gjerne ønske dei hadde ein heil skog av dei. Her finn du oppskrifta til å lage din eigen vesle bokskog.

Fargelegg

Korleis trur du følet til Tyra ser ut når det blir fødd? Kva fargar har det? Her er eit fargeleggingsark.

Drektige

Hesten Tyra har hatt følet sitt i magen i meir enn 300 dagar! Kor lenge trur du andre dyr har fosteret sitt i magen før dei føder?

Islykt

21. desember er den kortaste dagen i året, og frå då av går det mot lysare tider! Lag ei islykt for å lyse opp i den mørke tida.

Lucia
Luciadagen

I dette opplegget finn du ulike oppgåver og aktivitetar til luciadagen.

Teikn ein fjøsnisseengel

Jon tenker at det kanskje finst ein «fjøsnisseengel». Korleis ser ein fjøsnisseengel ut? Du kan teikne og fargelegge ein fjøsnisseengel, slik du sjølv tenkjer han ser ut. Du kan klippe han ut og knyte på ein tråd slik at han kan henge på juletreet når det skal pyntast til jul. 

Les ei bok med vinterstemning

Samson hamnar ofte i rare situasjonar, og det skriv han om i dagboka si. No skal han på skitur med klassen, og det går ikkje heilt som planlagt. På Nynorskbok.no kan du lese eit utdrag frå Skandale i skitrekket (Katastrofedagbøkene) av Anders Totland.

Lag ei liste

Gler du deg til julaftan og synest ventetida er lang? Lag ei liste over ting du kan gjere for å få tida til å gå fortare. Her er nokre tips: 

  • Gå på biblioteket og lån bøker om ting du er interessert i. 
  • Lag eigne julegåver til vennane dine – kanskje du kan bake småkaker saman med nokre vaksne heime og gje dei vekk? 
  • Lag ei refleksløype ute eller inne: Finn mange refleksar og heng dei opp i hagen eller i skogen. Vent til det blir mørkt, og gå på refleksjakt med ei lommelykt.

Lyttetips

I podkastserien Avdeling T får du vere med Meister T, agentane hennar og ulike forfattarar på oppdrag for å redde den verkelege verda frå kollisjonar med bokverder. I denne episoden får de møte forfattar Ruth Lillegraven og Klodeklubben: Avdeling T – Julemysteriet i bygda til Klodeklubben