Julekalender 2021

Opplegga i adventskalenderen passar for elevar på 1.–10. trinn. Kva klassetrinn aktivitetane passar best for, vil variere litt frå dag til dag.

Julekorger
Illustrasjon: Johanne Eikå Bergill
Snolykt
Vintersolkverv

Når perioden med dagslys er på det kortaste, kan det passe godt å la elevane lage ein samansett tekst om kva dei tenkjer på som vintergleder.

Kalender Festar
Festar som høyrer jula til

Her kan elevane lese om tradisjonane med juletrefest og å gå julebukk.

Jakob Og Neikob Og Det Tomme Rommet
Jakob og Neikob og det tomme rommet (boktips)

Jakob og Neikob skal fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, endar i uvennskap. Forteljinga inviterer til samtalar kring vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

Boka passar for barn i alderen 3 til 9 år.

Kym mackinnon r0 WX Btw I2 Eo unsplash kvadrat
Julenatt og andre brettebøker

På brettebok-sida ligg det eit bibliotek med 15 små historier elevane kan skrive ut og brette til bøker. Der finn du tekstar av Erna Osland, Asbjørn Rydland og Aina Basso, inkludert den heilt nye forteljinga Julenatt av Aina Basso.

Kalender Lag eit julekryssord
Lag eit julekryssord

I dette opplegget nærles elevane ein tekst om jula. Deretter lagar dei kryssord med utgangspunkt i teksten.

Kalender Julebingo2
Julebingo

I denne luka av kalenderen finn du ein julebingo som elevane kan spele.

Kalender Bokstavleik
Bokstavleik

Dette er ein leik som kan gjerast både ute og inne, og ein kan forandre setninga som er utgangspunkt for leiken, til å passe til andre tema.

Skuggen 1
Skuggen

Eit eventyr av Erna Osland, henta frå boka Gullfalken.

Lucia
Luciadagen

I dette opplegget finn du ulike oppgåver og aktivitetar til luciadagen.

Eit hjarte til jul
Eit hjarte til jul (boktips)

Denne biletboka handlar om Nora, som har ei hjartesjuk mamma. Mora treng eit nytt hjarte og ligg på sjukehus. Sjølv om pappa og farmor prøver å fylle ventetida med kjekke aktivitetar, er det likevel mykje å tenke på for Nora. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt? Boka passar for barn mellom 3 og 9 år.

Du Og Eg
Du og eg (boktips)

Du og eg av Erna Osland og Camilla Engman handlar litt om ein skummel rev, ein langbeint elg og den store, vinterkledde skogen. Men mest handlar boka om to harar som finn kvarandre, og som finn julefred.

Boka passar for barn mellom 3 og 9 år.

Kalender Gjett motivet
Gjett motivet!

Med utgangspunkt i julebilete får elevane øve seg på å skildre ved hjelp av adjektiv.

Kalender Saa lang er vegen
Så lang er vegen

Ein song om aldri å gi opp.

Kalender figurdikt
Juletredikt

Eit figurdikt er eit dikt som er forma som tingen eller gjenstanden diktet handlar om. Forma eller figuren er med på å leggje meining til diktet. I denne oppgåva får elevane lage eit juletredikt.

Kalender terningen seier
Terningen seier

La elevane skrive artige julesetningar ved å trille terning.

Kalender julekort og juleverb
Julekort og juleverb

I dette opplegget får elevane kombinere verbbøying og kreativt arbeid. Bøying av juleverb vert utgangspunkt for å lage fine julekort.

Guten med mobiltelefonen
Guten med mobiltelefonen

Frode Grytten har skrive eit moderne eventyr med utgangspunkt i «Piken med svovelstikkene». Du kan høyre eventyret gratis her på sida.

God dag herr Jul
God dag, herr Jul (boktips)

Denne boka har 24 kapittel, noko som gjer at ho kan brukast som ein adventskalender. Boka handlar om søstrene Malin og Molla som har flytta inn i eit nytt hus saman med mora si, som synest jula berre er dyr og slitsam. I gata deira bur det litt merkelege folk, og det hender litt merkelege ting. Blir det jul likevel?

Boka passar for barn mellom 9 og 12 år.

Kalender onske og lofte
Ønske og løfte for adventstida

Kva kan du gjere for at adventstida skal bli så fin som råd for både deg og andre? Kanskje har du nokre koselege aktivitetar du ønsker å gjere i lag med nokon? Kanskje ønsker du å skrive julekort, lage julegåver, gå på besøk til nokon eller hjelpe til med noko heime?

Bok paa 123 Martin skomakar
Martin skomakar

Martin skomakar er ein barneklassikar av den russiske forfattaren Leo Tolstoj. Her er eit tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk og samfunnsfag, med utgangspunkt i boka. Boka ligg ute til gratis lesing på skjerm.

Kalender samansett tekst
Lag nynorske mem!

La elevane arbeide med samansette tekstar ved å lage humoristiske tekstar til gamle julebilete.