Lag eit julekryssord

Mål med arbeidet: Å nærlese ein tekst og trekkje ut viktig informasjon. Bruke informasjonen til å lage oppgåver til eit kryssord. Oppgåva fremjar lesing, skriving og elevaktivitet.

Teksten som er brukt i oppgåva, er henta frå Framtida junior.

Til læraren: I denne oppgåva skal eleven nærlese teksten «Slik lagar du ei god jul for både deg og planeten». Eleven skal deretter lage eit kryssord ved å bruke kryssord-generatoren. Til slutt skal eleven byte kryssord med læringsvenen sin og løyse kryssordet han får tildelt.