• Julekalender

Julekalender

Treng du inspirerande undervisingsopplegg i adventstida? Julekalendrane frå Nynorsksenteret inneheld skrivestartarar, tips til språklege aktivitetar og desemberaktuelle tekstar, læringsopplegg og songar.

God dag herr Jul presentasjon

God dag, herr Jul er ei bok med 24 kapittel. Kvar dag gjennom heile desember kan du lese eit nytt kapittel frå boka for elevane. Nynorsksenteret har laga eit undervisingsopplegg med oppgåver, aktivitetar og samtalepunkt til alle kapitla.

Illustrasjon julekalender Johanne Eikå Bergill

Desembergåva er ein litterær julekalender for ungdomstrinnet, skriven for Nynorsksenteret av forfattaren Linn T. Sunne. Forteljinga er delt inn i 12 kapittel, og hovudstemmene i teksten er tenåringane Dennis og Helin.

Julekorger
Illustrasjon: Johanne Eikå Bergill

Gamle opplegg