Julekalender for elevar i ungdomsskulen og vgs.

Er du i ferd med planleggje undervisingsøkter for desember? Då er du komen til rett stad. På denne sida finn du julekalenderen frå Nynorsksenteret, tips til språklege aktivitetar og desemberaktuelle tekstar, læringsopplegg og songar.
Målet med julekalenderen frå Nynorsksenteret er å få elevane til å reflektere og bruke fantasien til å skrive korte tekstar på nynorsk. I desember presenterer vi nye skrivestartarar kvar dag, og dei er samla i ein presentasjon som er lett å ta i bruk i klasserommet. Det går også an å gje skriveoppgåvene i heimearbeid, om ein ønskjer det. I helgene legg vi ut songtips med tilhøyrande samtalespørsmål og boktrailerar som kan synast fram i klasserommet.
Vi håpar at de vil bruke julekalenderen til fremje nynorsk skriveglede, og at oppgåvene kan gje elevane ei positiv erfaring med å skrive nynorsk. Hugs at det å skrive kort og godt på nynorsk, er betre enn å skrive langt og sjeldan.
God førjulstid i klasserommet!
Julekalenderen finn du her:
Tips til språklege aktivitetar i desember
Er du på jakt etter kjekke førjulsaktivitetar du kan gjere saman med elevane? Nynorsksenteret har samla ei rekke språklege aktivitetar som vi trur elevane vil like å arbeide med i desember. Opplegga passar for ungdomstrinnet, men mange av dei kan også brukast i den vidaregåande skulen.












Tekstar og undervisingsopplegg som er fine å bruke i desember




Andre juletips
