Lag nynorske mem!

I denne oppgåva får elevane lage humoristiske tekstar til gamle julebilete.

Kalender samansett tekst
Samansett tekst (PDF)

Mål med oppgåva

  • repetere kva som kjenneteiknar ein samansett tekst
  • bruke humor som språkleg verkemiddel i eiga tekstskaping
Julehefte 1
Julefesten nådde nye høgder då Trygve føreslo at dei skulle leike buss.

Sigmund Falch har laga artige tekstar til vanlege, gamle bilete.

De finn utdrag frå bøkene hans her:

Kva for ein av tekstane likar de best, og kvifor?

Oppdrag

På digitaltmuseum.no finn de mange gamle bilete, og nokre av dei har ein lisens som tillèt fri bruk. Prøv eit søk på jul og avgrens søket til fotografi med fri gjenbruk: DigitaltMuseum

Finn eit gamalt julebilete og lag ein humoristisk tekst til biletet. Om de vil, kan de bruke mem-appar i arbeidet.

Tips til vidare arbeid: Still dei samansette tekstane ut i klasserommet. Kven har laga den mest humoristiske og artige samansette teksten? Gjennomfør ei klasseromskåring.