Julekalender 2020

Her er julekalenderopplegga frå 2020. Opplegga passar for elevar på 1.–10. trinn. Kva klassetrinn aktivitetane passar best for, vil variere litt frå dag til dag.

Graut
Illustrasjon: Gard Helset / IK reklame AS
Kalender snoballkamp
Snøballkamp i klasserommet

Elevane skriv om seg sjølve på eit ark som dei deretter krøllar saman til ein snøball. Når læraren roper «snøballkrig», kastar alle elevane snøballane mot kvarandre. Deretter vert oppgåva å finne ut kven som har skrive kva snøball.

Kalender trill ei juleforteljing
Trill ei juleforteljing

Elevane får skrive ei juleforteljing der terningkast styrer kven det handlar om, kva tid og kvar det føregår, og kva som hender.

Kalender finn adjektiva
Finn adjektiva

Finn adjektiva i rutenettet. Dei kan stå både vassrett og loddrett.

Kalender snurr
Språksnurr

Bruk ein spinnar eller ein terning for å sjå kva oppgåve(r) du skal gjere. Denne oppgåva kan ein gjere individuelt eller i gruppe, munnleg eller skriftleg.

Kalender forviklingar
Juleforteljing med forviklingar

I denne oppgåva skal elevane delast inn i par og samskrive ei juleforteljing med forviklingar.

Kalender julekort
Lag eit julekort/julebilete

Vel deg ut eit ord og søk det opp i ordboka. Kva finn du ut om ordet? Kva betyr dei ulike kodane i ordforklaringa? Vel forklaring og illustrer ordet med scrabble-bokstavar. Lag anten eit julekort eller eit julebilete.

Kalender vente
Å vente

Ta eit bilete av deg i heilfigur med vinterklede. Skriv ut i fargar og klipp ut. Dekorer eit lilla ark og lim på biletet av deg. Lag ein klassecollage og still ut.

Kalender julespaa
Julespå

Ein spå med juletema.

Kalender julebingo
Julebingo

I dette opplegget får elevane arbeide med substantiv og spele julebingo.

Kalender trill juleord
Trill juleord

Elevane trillar terning for å sjå kva oppgåve dei skal gjere til kva juleord.

Kalender onskeliste
Ønskeliste

Å skrive ei ønskeliste kan vere fin skrivetrening for dei yngste.

Kalender utvid julesetningane
Utvid setningane

I denne oppgåva får elevane øve seg på å utvide setningar ved å leggje til meir informasjon. Kvar køyrer nissen? Og når?

Kalender lucia
Lucia

Til luciadagen kan elevane lære ein song og/eller brette og klippe Lucia-figurar.

Kalender julekahoot
Jule-kahoot

I dette opplegget skal elevane lese ein tekst på nysgjerrigper.no om julegåver. Deretter kan dei ta ein kahoot med spørsmål frå teksten.

Kalender vintersolkverv
Vintersolkverv

I dette opplegget får elevane skrive og illustrere eit haikudikt inspirert av julesongen «Mot jol» (Kaldt og mørkt og lite sol).

Kalender syng ei juleforteljing
Syng ei juleforteljing

Kva feirar dei kristne når det er jul? Songen «Mi aller første juleforteljing» er ein fin måte å lære om den kristne juleforteljinga.

Kalender stjernebilete
Stjernebilete

La elevane lage ein stjernekikkert som viser Karlsvogna.