Desembergåva
Desembergåva er ein litterær julekalender for ungdomstrinnet, skriven for Nynorsksenteret av forfattaren Linn T. Sunne. Ho er ein prisvinnande barne- og ungdomsbokforfattar som har vunne to Brageprisar for arbeidet sitt, og er kjend for å skrive tekstar som fengjer ungdomar.
Adventskalenderen er delt inn i 12 kapittel, og hovudstemmene i forteljinga er tenåringane Dennis og Helin. Handlinga tek oss med til ei ungdomsskuleklasse og til tildelinga av hemmelege nissevenar. Vi følgjer ungdomane og dei utfordringane og opplevingane dei møter i løpet av adventsmånaden. Teksten opnar opp for refleksjonar kring kva det vil seie å vere ungdom, og tilhøvet mellom heimesituasjonar, veremåtar og livsmeistring. Forteljinga er ispedd både humor, alvor og julemagi, og kanskje aller viktigast: truverdige skildringar av ungdommar i 2023.
Kvifor lese høgt for elevane i desember?
Høgtlesing av adventskalenderen kan skape ei kjensle av forventning og glede knytt til høgtida for ungdommane. Når forteljinga speglar ungdommane sine livssituasjonar, utfordringar og gleder i ein adventskontekst, kan det skape ei sterkare tilknyting til historia. Dette kan gjere lesnaden meir engasjerande og relevant for dei. Ikkje minst kan det å arbeide med julekalenderen skape eit felles utgangspunkt for refleksjon og samtale i klasserommet. Her finn de nokre enkle samtalespørsmål som elevane kan samtale om eller svare på skriftleg: Samtalekort.pdf
Stjerna i desember
I kalenderen er det sitat frå julesongen «Stjerna i desember» av Gaute Øvereng. Du kan høyre heile songen på sida til Tunkatten eller på YouTube.