Jule-kahoot

Utgangspunktet for denne oppgåva er teksten «Dei første julegåvene», som er henta frå nysgjerrigper.no. La elevane bruke Bison-blikket på teksten som ein førlesestrategi. Les deretter teksten høgt for elevane. Set elevane saman i par og be dei om å streke under nøkkelord i teksten. Når elevpara er ferdige med oppdraget, skal dei setje seg saman med eit anna elevpar og diskutere, med utgangspunkt i nøkkelorda, kva teksten handlar om.

Ta deretter Kahoot-kvissen som har namnet «Dei første julegåvene».