Så lang er vegen

Lytt, lær, syng og spel. Ein song om å aldri gi opp.

Tekst og melodi: Lillian Samdal

Så lang er vegen

Så mange fjell som me skal over
Så mange vatn me skal rundt
Så mange elvar me lyt krysse
Så lang er vegen

Så mange åsar me når over
Så mange dalar me skal langs
Så mange skòrer me lyt klyve
Så lang er vegen

Så mange myrar me må trakke
Så mange sletter me kan gå
Så mange bøar me kan springe
Så lang er vegen

Så mange steinar me kan bykse
Så mange tuer me kan trå
Så mange tankar me kan bere
Så lang er vegen

Songen er òg nytta som ein del av eit opplegg om boka Gullfalken:

Bok paa 123 Gullfalken 1
Gullfalken: Jenta som flytta eit fjell (5.–7.)

Tverrfagleg opplegg i norsk og musikk for 5.–7. trinnet.