Skuggen

Vismann
Illustrasjon: Johanne Eikå Bergill

20-minutts opplegg til eventyret Skuggen

Før lesinga

Er det nokon i klassen som

  • likar å sove?
  • sovnar raskt på kvelden?
  • brukar å ikkje få sove?

Kva gjer du når du ikkje får sove?

Les eventyret

I dette opplegget tenkjer vi at elevane skal lytte til høgtlesinga, enten frå læraren eller lydfila.

Skuggen 1
Skuggen (PDF)

Forteljinga Skuggen av Erna Osland.

Etter lesinga

Av og til er det fint å berre lese ei forteljing som ei estetisk oppleving. Då kan de stoppe her.

Om de vil snakke meir om teksten og arbeide med søvn som tema, er her nokre igangsetjarar:

  • Kvifor trur du at eventyret heiter Skuggen?
  • Er det ulikt kor godt de søv om sommaren og om vinteren?

Her er ei anna bok med søvn som tema: Sov søtt, herr Spiss. Visste du at spissmusa berre søv i opptil to minutt om gongen? Eller at hesten kan stå og sove? Eg synest det er interessant at endene søv i flokk, og at den som sit ytst i flokken søv med berre eitt auge att for å kunne få med seg om det er farar på veg.