Litteratur og førjulsmagi i klasserommet
05.11.2025
I desember kan du lese den nydelege adventsboka God dag, herr Jul av Laura Djupvik for elevane dine. Nynorsk kultursentrum vil dele eit kapittel frå boka kvar dag gjennom heile desember, og Nynorsksenteret sin julekalender vil vere oppgåver og aktivitetar knytte til boka.
Kvar dag gjennom heile desember kan du lese eit nytt kapittel frå boka for elevane. De kan samtale om innaldet med oppgåvene frå Nynorsksenteret sin adventskalender. Den siste skuleveka før jul blir resten av boka tilgjengeleg, slik at du kan lese ferdig heile boka før elevane tek juleferie. Boka inneheld nydelege illustrasjonar av Åshild Irgens.
I tillegg til samtalespørsmål til kvart kapittel vil vi dele tips til førsjulsaktivitetar og språklege skriveoppgåver med juletema. Den siste veka før jul blir det meir å lese, så då blir oppgåvene og samtalespørsmåla mindre omfattande.
På nynorskbok.no kan du lese bokomtale og det første kapittelet av God dag, herr jul.
Heile adventskalenderen til Nynorsksenteret blir tilgjengeleg frå 20. november. Då vil vi også presentere korleis ein kan arbeide med kalenderen, i nettseminaret Torsdagstipset. Du kan melde deg på nettseminaret her.