God dag, herr Jul: Litterær kalender for barneskulen
I desember kan det vere fint å lese den vakre og tankevekkande adventsboka God dag, herr Jul av Laura Djupvik og Åshild Irgens (ill.) for elevane dine. Boka er ei kalenderbok med eit persongalleri og førjulsmagi som kan minne litt om historier vi kjenner frå julekalendrar vi har sett på TV. Her på sida finn du oppgåver og aktivitetar knytte til boka.
Kvar dag gjennom heile desember kan du lese eit nytt kapittel frå boka for elevane. Med oppgåvene frå Nynorsksenteret sin adventskalender kan de samtale om innhaldet.
I tillegg til samtalespørsmål til kvart kapittel deler vi tips til førjulsaktivitetar og språklege skriveoppgåver med juletema som heng saman med det de har lese om. Den siste veka før jul blir det meir å lese, så då blir det berre samtalespørsmål.
Undervisingsopplegget er ein lysbildepresentasjon du kan redigere i. Boka kan passe for elevar på alle trinn i barneskulen no i førjulstida, og undervisingsopplegget er også laga med tanke på at der skal vere noko for alle. Nokre av oppgåvene er kanskje litt avanserte for dei yngste elevane. Vi rår til at du går gjennom lysbildepresentasjonen på førehand, les gjennom spørsmåla, vurderer dei og eventuelt tilpassar dei. Då kan du tilpasse kalenderen til elevane du underviser.