Fem nye bøker for barnehage
17.11.2025
Denne hausten har det kome fem nye bøker på nynorsk for målgruppa 3–6 år.
Lucy klarer alt: Sirkuset
Lucy er ei kreativ jente som klarer alt. I denne boka har ho lyst til å bli sirkusdirektør, men korleis skal ho klare det når ho ikkje har sirkusartistar? Lucy får ein strålande ide: Kva om sirkusartistane hennar er kjempesmå? Ho finn biller, edderkoppar og andre småkryp. Lucy gjer alt klart til sirkusframsyninga. Familien til Lucy gler seg til å sjå, men kva skal Lucy gjere når alle sirkusartistane har rømt?
Gratulerer, Anna!
Gler du deg til å bli storesøster eller storebror? Det spørsmålet har mange barn fått. I denne boka møter vi Anna, som har mange ulike kjensler rundt det å bli storesøster igjen. Ho skulle ønske det var ein katt, ein hund eller ein gris med krøll på halen i mammamagen. Anna lurer på om det berre er mage-broren foreldra bryr seg om. Folk kjem på besøk for å sjå den nye broren. Anna forstår ikkje kvifor gjestane skal ha med gåver til ein som berre skrik og bæsjar. Ho er sint på mamma og pappa. Anna kjenner seg åleine: Har alle gløymt henne?
Alle saman tel
Denne myldreboka er i stort format slik at det vert lettare for lesarane å sjå alle detaljane. Ein kan telje menneske, følgje dei, føle med dei og sjå korleis historiene deira vert fletta saman. For den som er nysgjerrig og har eit skarpt blikk, finst det mange små og store hemmelegheiter. Bakarst i boka finn du ulike spørsmål med illustrasjonar, i tillegg til hemmelegheiter og svar.
Ein måne i magen
«Eg har ete månen», seier eg.
«Kva?» seier pappa.
«Ja, månen var ein banan, nam-nam.
Han er i magen no.
Sjå! Ute er det heilt mørkt.»
I denne diktsamlinga møter vi ein gut med rik fantasi. Gjennom dikta følger vi Krølle frå morgon til kveld. Han elskar å leike!
Dikta til Anker Eysajan viser fram magien i kvardagen, og speglar verda som barn lagar seg heime. Boka er nydeleg illustrert av Hildne Hodnefjeld.
Sopp ein hal!
Denne faktaboka om sopp passar både for dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. Teksten og illustrasjonane i boka forklarer på ein god måte kva sopp er, og kva sopp kan gjere.
«Forskarar har funne og talt over 150 000 ulike sopp. Men dei er heilt sikre på at det finst millionar av sopp som ikkje er oppdaga endå!»
Sopp kan vere både synlege og usynlege. Usynleg sopp får merkelege ting til å skje.
«Usynleg sopp gjer bollane me et både luftige og mjuke. Men dei kan òg få gammalt treverk til å eksplodere! Eller kle brødskiva di med grøn, stinkande pels!»