Bokbad i praksis

19.04.2021

Hovudbilete til nettside

Hanne Arnrup-Øien og elevar på 5. trinn arbeider med boka Lappjævel! av forfattar Kathrine Nedrejord.

Ved Kjøllefjord skole i Finnmark har dei gjennomført bokbad for både barn og ungdom.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Iscelin Mirell Jensen, Kjøllefjord skole

Hanne Arnrup-Øien arbeider som biblioteksjef og er norsklærar ved Kjøllefjord skole i Finnmark. I Kjøllefjord har dei innleia eit samarbeid mellom skule, bibliotek og Nordkyn bok og papir for å kunne gjennomføre bokbad. Arnrup-Øien deltok på kurs med Vilde Kamfjord i regi av fylkesbiblioteket hausten 2019. Du kan lese meir om metoden bak barnebokbad her.

– Eg syntest det var veldig interessant og matnyttig fordi metoden kan brukast på alle slags tekstar, ikkje berre skjønnlitteratur, seier ho.

Etter at ho deltok på kurset, har ho gjennomført bokbad saman med lærarar og elevar på femte, åttande og niande trinn. Før påske gjennomførte ho det første bokbadet saman med elevar på 5. trinn.

– Eg var litt spent sidan det var første gong med elevar på barnetrinnet. Eg lurte på om det blei for vanskeleg, men det gjekk fantastisk bra! seier ho.

Elevar lagar spørsmål til nettside
Elevane skal filosofere, sjå i teksten, bruke fantasien og spørje ein ekspert.

Koronasituasjonen gjorde at dei måtte vere ekstra kreative.

– Dette bokbadet måtte gjennomførast digitalt. På førehand hadde elevane arbeidd med boka Lappjævel! av Kathrine Nedrejord. Forfattaren var med frå Paris og var på storskjerm framfor elevar frå 5.–7. trinn som var publikum i Kjøllefjord, seier Arnrup-Øien.

Der ligg biblioteket vegg-i-vegg med kommunestyresalen, så dei fekk låne salen til sjølve bokbadet. Ho legg til at ingenting slår eit ekte bokbad der både forfattar og publikum er i same rom, men det digitale bokbadet fungerte overraskande godt.

Digitalt forfattarmøte til nettside
Digitalt bokbad med forfattar Kathrine Nedrejord.

Bokbad for ungdomsskulen

Tidlegare har Hanne Arnrup-Øien vore med på å gjennomføre bokbad for elevar i ungdomsskulen. I samband med at det var 75 år sidan evakueringa av Finnmark, arbeidde elevane med boka Paulas reise av Torunn Berge. Boka handlar om den dramatiske flukta som 14 år gamle Paula opplevde då ho måtte flykte frå Finnmark. Alle hus i Finnmark og Nord-Troms skulle brennast ned, og alle som budde der blei tvungne til å dra. Dette er ei forteljing om ei jente som opplevde den dramatiske tvangsevakueringa i 1944, og det er samstundes ei faktabok om krigen og livet til barn og ungdom i Finnmark på den tida. Under bokbadet som gjekk føre seg i ein kinosal, hadde ungdomsskuleelevar intervjua tidsvitne. Nokre av elevane dramatiserte også delar av boka Paulas reise.

– Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan gjere ut av eit bokbad, meiner Arnrup-Øien.

Foto av Hanne Arnrup Øien til nettside
Hanne Arnrup-Øien arbeider som biblioteksjef og er norsklærar ved Kjøllefjord skole i Finnmark. (Foto: Hege Johansen)

Tilbakemeldingar frå elevar

Elevane har sagt at dei synest metoden er spennande, og at det er ein annleis måte å jobbe på. Når elevane får setje seg i sirkel og samarbeide om å velje ut dei gode spørsmåla, så skjer det noko med korleis dei tilnærmar seg teksten. Det viser seg også at dei aller fleste elevane har fått med seg mykje av innhaldet i teksten, seier ho.

Ho trur arbeid med litteratur og gjennomføring av bokbad er viktig både med tanke på Fagfornyinga og det som handlar om livsmeistring.

– Gjennom litteraturen kan vi til dømes utvikle meir empati for andre. Eg trur også elevane har veldig godt av å gjere noko som er praktisk og nær det verkelege liv. Når elevane skal møte ein forfattar på ordentleg, vil det ofte føre til at dei les teksten grundigare når dei skal førebu seg, trur Arnrup-Øien.