• Blogg
  • Konferanse: Nynorsk på nye måtar

Konferanse: Nynorsk på nye måtar

26.05.2025

Kollasj med fire til Nynorskkonferansen kvadratisk format

Frå venstre direktør i Språkrådet, Åse Wetås (foto: Oda Hveem), forfattar Monica Goksøyr (foto: Oda Berby), prosjektleiar for MultiLit, Øystein A. Vangsnes (foto: privat), og forfattar Anders Totland (foto: Helge Skodvin).  

Ønsker du fagleg påfyll til hausten? Torsdag 25.–fredag 26. september inviterer Nynorsksenteret og MultiLit til nasjonal konferanse i Bergen. Målgruppa for konferansen er lærarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre som er interesserte i god nynorskopplæring. 

Programmet gir deg fersk forsking på språkkompetansen til elevane, og inspirasjon til korleis ein kan drive forskingsbasert og motiverande nynorskopplæring. Du får også møte forfattarar som har skrive nynorske bøker som eignar seg godt i klasseromma. Jobbar du i barneskule, ungdomsskule eller vidaregåande? Underviser du i nynorsk som hovudmål eller sidemål? Her finn du noko som passar for deg. 

Meld deg på konferansen her. 

Hotellovernatting kjem i tillegg. 
Les meir om korleis du kan reservere rom på Scandic Ørnen nedst i denne teksten. For dei som vil sikre seg rom på hotellet, anbefalar vi å bestille rom før 25. juni 2025. 

Program

Program i PDF-format

Torsdag 25. september

Frå 09.45: Kaffi og registrering

10.30: Velkomen 
Arrangørane  

10.45–11.30: Nytt frå forskingsfronten 
Øystein A. Vangsnes (UiT/HVL), leiar i prosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa (MultiLit) 
 

11.45–12.30 Didaktiske implikasjonar av hendingar på forskingsfronten  
Kirsti Lunde og Eli Bjørhusdal, Høgskulen på Vestlandet (HVL) 

12.30–13.00 Samla diskusjon og spørsmål etter dei to første punkta  

13.00–14.00 Lunsj  

14.00–15.15: Parallellsesjonar 
Lesing, skriftspråk og dialekt: Korleis heng det alt i hop?
Anya Vinichenko (UiT), Björn Lundquist (UiT) & Jade Sandstedt (HVO)  

Oppfatningar av normval i bokmål og nynorsk 
Unn Røyneland (UiO), Helle Nystad (HVL) og Kirsti Lunde (HVL) 

Overgangen mellom barnehage og skule 
Gudrun Kløve Juuhl (HVO)

Normproblem hjå nynorskelevar  
Stig Helset (HVO)

15.15–15.30 Pause

15.30–16.30 Paneldebatt om framtidas nynorskopplæring
Åse Wetås (Språkrådet), Thom Jambak (Utdanningsforbundet) og Endre Brunstad (UiB)

19.00 Middag 

Fredag 26. september

09.00–09.10: Innleiing ved leiar Synnøve Marie Sætre, Nynorsksenteret

09.10–09.40:  Kva vil det seie å vere ein språklærar?  
Stipendiat Ida Marie Jegteberg, Nynorsksenteret 

9.40–10.10:
Lesing på nynorsk som sidemål – i alle fag 
Universitetslektor Eline Bjørke, Universitetet i Innlandet

10.10–10.25: Pause 

Parallellsesjonar 
Ungdomsskule og vidaregåande 
10.25–10.55:  Tverrfagleg temaarbeid som engasjerer, med utgangspunkt i boka Det året eg vakna   
Ida Lovise Bøe og Jorid Saure, Nynorsksenteret 

10.55–11.25:  Lag ditt eige språk!  
Eit undervisingsopplegg som får elevane til å leike, lære og utforske språket på nye måtar 
Ida Lovise Bøe og Jorid Saure, Nynorsksenteret 

11.25–11.55: Boka Slemme jenter
Forfattar Monica Goksøyr presenterer novellesamlinga Slemme jenter. Nynorsksenteret legg fram eit undervisingsopplegg knytt til novella «Jazz meg opp».  

Barneskule
10.25–10.55: Bok på 1-2-3  
Tverrfaglege undervisingsopplegg til nynorske barnebøker  
Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret 

Les for meg 
Ta vare på motivasjonen barn har for lesing. 
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Nynorsksenteret 

10.55–11.25 Lag ditt eige språk!  
Eit undervisingsopplegg som får elevane til å leike, lære og utforske språket på nye måtar  
Isabella Pareliussen, lærar ved Haramsøy barne- og ungdomsskule  

11.25–11.55: Boka Mamma på dass  
Forfattar Anders Totland presenterer den nye barneboka si Mamma på dass. Nynorsksenteret presenterer eit nytt undervisingsopplegg for 5.–8. trinn. 

12.00–13.00: Lunsj 

Parallellsesjonar 
Ungdomstrinn og vidaregåande
13.00–13.30:  Panelsamtale 
Vurdering av nynorsk språkkompetanse: Kva seier regelverket og praksisen om vurdering av nynorsk som sidemål? 

13.30–14.00: Samlesingsmetodikken i klasserommet   
Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret 

Barnetrinnet 
13.00–13.30: Lær og lev med heile meg!   
Undervisingsaktivitetar baserte på biletboka Eventyret om flodhesten. Elevane får vere leikande, skapande og utforskande gjennom praktisk-estetiske læringsprosessar og arbeidsformer.   
Christine Langeland, Nynorsksenteret 

13.30–14.00: Kvalitet i begynnaropplæringa med og utan nettbrett – med praksisdøme frå nynorske klasserom 
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Nynorsksenteret 

14.15–14.50 Forfattarsamtale mellom Monica Goksøyr og Anders Totland. Leia av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret. 

14.45–15.00: Takk for i dag!  

Høgskulen i Volda, Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar er samarbeidspartnarar. Konferansen er støtta av Akademifondet.

Om Nynorsksenteret

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) fyller 20 år i 2025. Senteret fremjar metodar og arbeidsmåtar som kan motivere og auke kvaliteten på arbeidet med nynorsk i barnehagen og skulen. Nynorsksenteret driv forskingsformidling og praksisnær aktivitet basert på relevant forsking og medverkar til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolke og ta i bruk rammeplanen og læreplanverket.

Gruppebilete av NYS 2025 justert av Arild 4 komprimert til nettside
Nynorsksenteret

Multilektal skrivekunne i opplæringa

MultiLit-prosjektet har dei siste åra undersøkt om – og korleis – det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment. Prosjektet har teke utgangspunkt i den norske språksituasjonen, der mange elevar utviklar høg kompetanse i begge dei norske skriftspråka, og der også svært mange jamleg skriv dialektnært i private samanhengar.

Multi Lit gruppebilete beskjært og komprimert til nettside

Praktisk informasjon

Konferansen skal vere på hotell Scandic Ørnen som ligg sentralt i Bergen. For dei som vil sikre seg rom på hotellet, anbefalar vi å bestille rom før 25. juni 2025. Dei som skal delta på konferansen, kan bruke denne koden når dei skal reservere rom: BHOG240925

Du reserverer overnatting sjølv ved å gjere følgjande:

  • Gå inn på heimesida scandichotels.no
  • Sørg for at språket er norsk eller engelsk.
  • Skriv inn Scandic Ørnen under Kvar ønsker du å bu?
  • Skriv inn datoen/datoane du ønsker å overnatte.
  • Skriv inn BHOG240925 under feltet som heiter Bookingkode eller bonusnatt.
  • Pris for enkeltrom med konferansepris: 1790 kr per person.
    Pris for dobbeltrom med konferansepris: 2090 kr for to personar som deler rom.
    Konferanseprisen gjeld for alle som bestiller rom før 25.06.25
  • Fullfør reservasjonen ved å legge inn personalia, kortnummer som garanti etc.
  • Merk at du som bestiller rommet, sjølv er ansvarleg for å avbestille rommet seinast to dagar før ankomst dersom du ikkje kan kome likevel. Dersom du gløymer å avbestille, må du betale for rommet.