Å vere annleis – å arbeide med tekstar som engasjerer i vgs.
07.05.2025

Ida Lovise Bøe som er høgskulelektor ved Nynorsksenteret og lektor ved Steinkjer videregående skole, skriv om korleis ho arbeider med tekstar som engasjerer elevane. Kva vil det seie å vere annleis?
Tekst: Ida Lovise Bøe
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

I dei to påbyggklassane på Steinkjer videregående skole har me på nyåret og fram til no forsøkt å gå nærmare inn på kva det vil seie å vere annleis, og korleis det kjem til uttrykk i ulike tekstar og i samfunnet. Me har òg snakka om korleis samfunnet ser på og har sett på dei som skil seg ut, som ikkje passar inn i normene som samfunnet har sett. Elevane knytte det å vere annleis til fleire aspekt, som til dømes etnisitet, utsjånad, funksjonsnedsettingar, men dei peika òg på at alle kan kjenne seg annleis i ulike situasjonar.
Me diskuterte det Martha Nussbaum (2016) kallar den narrative førestillingsevna – evna til å leve seg inn i andre sine situasjonar, noko som kan styrke den emosjonelle kompetansen. Nussbaum meiner at ein gjennom å lese skjønnlitteratur kan utvikle empati. Dette diskuterte me òg i klassa. Var det verkeleg slik at dei kjende på medkjensle, og trudde elevane sjølve at den emosjonelle kompetansen vart utvikla?
Også Per Thomas Andersen (2011) skriv i «Hva skal vi med skjønnlitteratur i skolen» om kor viktig det er å kunne leve seg inn i andre sine livssituasjonar. Det er nettopp slik, hevdar han, at du kan bli eit godt menneske. Om ein ikkje evnar å kjenne korleis andre kan ha det, skriv Andersen, vil ein ikkje ha eit velfungerande demokratisk samfunn.
Tekstane me har arbeidd med
Tekstane me har arbeidd med, er Spelemann (2024) av Odd Nordstoga, Fuglane (1957) av Tarjei Vesaas, Størst og minst (2024) av Erlend Skjetne, TV-serien A-laget, og kommentaren «Dette er årets viktigaste TV-serie» (2024) av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende.
Felles for Spelemann, Fuglane og Størst og minst er at dei alle skildrar det å vere annleis, anten frå perspektivet til den som sjølv er annleis, eller frå pårørande sin ståstad. I Spelemann, som er sjølvbiografien til Odd Nordstoga, og i romanen Størst og minst er det søskena til nokon med funksjonsnedsettingar som fortel, medan Fuglane først og fremst gir oss innsyn i Mattis si oppleving av å vere annleis og slik dermed utanfor.
Eit anna fellestrekk er at søskena til dei som fell utanfor, òg kjenner på det å vere utanfor, nettopp fordi ein står nær nokon som ikkje passar inn i majoritetssamfunnet.
I Spelemann skriv Odd Nordstoga om søstera si, Gunne, som har funksjonsnedsettingar. Han skildrar korleis det har vore å vekse opp med Gunne som søster, og korleis det har forma han som menneske. I Fuglane møter me søskenparet Mattis og Hege. Mattis blir sett på som «Tusten» av bygdesamfunnet. Saman med Hege blir dei to utanfor fellesskapet. I Størst og minst ligg synsvinkelen hos Sissel, litlesøstera til Åshild som har funksjonsnedsettingar.
I TV-serien A-laget tok me for oss episoden med Herman Flesvig. Me diskuterte korleis Flesvig framhevar det positive i å vere annleis, og korleis ein kan bidra til å inkludere menneske som kjenner seg annleis.
Korleis me arbeidde med tekstane
Me brukte ulike metodar i arbeidet med tekstane. Me nærlas, hadde samtalegrupper med utgangspunkt i ferdige spørsmål, og me skreiv korte tekstar undervegs. Me las heile romanen Størst og minst i fellesskap med innlagde lesestopp. Oppgåvene hadde ulike formål. Nokre spørsmål hadde som mål å få elevane til å reflektere over tematikken og sjå han i ein større samanheng. Andre spørsmål hadde ein overføringsverdi til ungdomane sine eigne liv, der elevane kunne bruke innsikta i eiga skriving. Medan andre spørsmål var meir direkte knytte til å bruke eit relevant fagspråk i arbeid med tekst.
Kvifor arbeide med tekstar om det å vere annleis?
Som lærar tenkjer eg at det å arbeide med både romanar, sjølvbiografiar, kommentarar og TV-seriar om det å vere annleis, opnar opp og gir oss som lesarar ei større forståing for kva det vil seie å vere menneske. Når me jobbar med tekstar som Spelemann, Fuglane og Størst og minst, gir det elevane moglegheit til å sjå verda frå eit anna perspektiv og reflektere over kva det vil seie å kjenne seg annleis. Når elevane mine seier at dei får ei større forståing for korleis andre kan ha det, gjennom å lese om det i litteraturen, er det heilt i tråd med det læreplanen i norsk seier om at tekstar skal gi elevane innsikt i livsvilkåra til andre menneske (Kunnskapsdepartementet , 2024).
Eg trur oppriktig, og det viser seg at elevane mine òg meiner det same, at ein gjennom å lese og oppleve tekstar om fiktive så vel som reelle menneske kan utvikle medkjensle og empati – og slik bli eit betre menneske sjølv.
I ei verd som stadig er i endring og stadig utfordrar oss, tenkjer eg at dette er ei av dei fremste oppgåvene til skulen.

– Om du ikkje er som alle andre, om du gjer noko som er utanom det vanlege…då er ein annleis. (Sofie, 3PBB)


– Eg trur at ein kan utvikle empati gjennom å lese litteratur. Ein får vite noko om korleis andre har det. (Siri, 3PBB)

– Mormora mi sa: I dag kjennest det ut som å leve i eit diktatur. Ein skal alltid føle det ein blir fortald. Viss ikkje, er ein automatisk annleis. (Maria, 3PBB)
Referansar
Andersen, P. T. (2011). Hva skal vi med skjønnlitteratur i skolen? Norsklæreren, 11, s. 15–22.
Kihl, J. (2024). Dette er årets viktigaste TV-serie. Bergens Tidende.
Kunnskapsdepartementet . (2024). Læreplan i norsk (NOR01-07). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Henta frå https://data.udir.no/kl06/v201906/laereplaner-lk20/NOR01-07.pdf?lang=nno
Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa.
Fastsatt som forskrift ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/53d21ea2bc3a4202b86b83cfe82da93e/overordna-del---verdiar-og-prinsipp-for-grunnopplaringa_nynorsk.pdf
Nordstoga, O. (2024). Spelemann. Samlaget .
Nussbaum, M. (2016). Litteraturens etikk. Pax Forlag.
Skjetne, E. (2024). Størst og minst. Flamme Forlag.
Vesaas, T. (1957). Fuglane. Gyldendal Norsk Forlag .