Annleis

Dette er eit temabasert undervisningsopplegg om det å vere annleis. Opplegget inviterer elevane til å reflektere over kva det vil seie å ikkje passe inn, å skilje seg ut – eller å oppleve at andre gjer det. Gjennom arbeid med ulike skjønnlitterære tekstar og saktekstar får elevane møte karakterar og menneske som på ulikt vis utfordrar det «normale». 

Kollasj Annleis opplegg ny versjon

Læraren står fritt til å tilpasse opplegget til sin eigen klasse, til dømes ved å fordjupe seg i enkelttekstar og tema, leggje til nye tekstar eller redusere tekstmengda. Undervisningsopplegget er forankra i den overordna delen av læreplanen, spesielt delen knytt til medmenneske. I norskfaget er opplegget forankra i kjerneelementet Tekst i kontekst.

Mål for perioden 

Elevane skal

  • utforske kva det vil seie å vere annleis, og korleis det kjem til uttrykk i tekstar og i samfunnet
  • lese, analysere og samanlikne ulike tekstar som tematiserer det å vere annleis
  • arbeide med skriftlege og munnlege oppgåver knytte til temaet

Tekstutvalet

Elevane skal arbeide med eit breitt spekter av tekstar – frå skjønnlitterære utdrag og sjølvbiografiske skildringar til TV-seriar og saktekstar. Tekstane som ligg til grunn for opplegget, er: 

  • Utdrag frå sjølvbiografien Spelemann (2024) av Odd Nordstoga
  • Utdrag frå Fuglane (1957) av Tarjei Vesaas
  • Størst og minst (2024) av Erlend Skjetne
  • Ein episode frå TV-serien A-laget på NRK
  • Kommentar av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidene, om TV-serien A-laget 

Opplegget er fleksibelt, og læraren kan tilpasse tekstutvalet etter elevane. Kanskje vil ein heller lese heile Fuglane i staden for Størst og minst, eller trekkje inn andre tekstar som tematiserer det å vere annleis. 

Arbeidsmåtar

Arbeidsformene vil variere. Det er lagt opp til nærlesingsoppgåver, munnlege diskusjonsoppgåver og meir analytiske og kreative skriveoppgåver.

Det er også lagt inn ei personleg skriveoppgåve der elevane reflekterer over eiga erfaring med det å vere annleis. Målet er å gi elevane rom til å reflektere over eigne erfaringar og knyte temaet til eige liv. Å skrive for seg sjølv kan vere ein måte å sortere tankar, aktivere eigne kjensler og utvikle ei djupare forståing for temaet. 

Læraren kan med fordel lese tekstutdraga høgt for klassen. Det gir eit felles tolkingsgrunnlag, og opnar for å stoppe opp undervegs og stille spørsmål som: Kva har vi lese no? Kven møter vi? Kva veit vi om relasjonane? Korleis kjem det å vere annleis til uttrykk? 

I arbeidet med å lese ein heil roman er det viktig å leggje inn lesestopp undervegs. På den måten får ein med seg elevane gjennom lesinga, og ein skaper rom for gode samtalar og refleksjonar som kan motivere for vidare lesing. 

Under lesestoppa er det òg lagt inn småskriving, og det blir arbeidd med å utvikle og bruke relevant fagspråk i samtale om tekst.  

Undervisningsopplegget kan avsluttast med ei lengre skriveøkt som tek utgangspunkt i eksamensliknande oppgåver. Elevane får då høve til å bruke det dei har lese, refleksjonane dei har gjort seg undervegs, skriveoppgåvene og samtalane til å skrive ein eigen tekst.